시편 144편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 15절
- 1 Av David. Lova vere Herren, mitt berg, som lærde mine hender strid og mine fingrar ufred,
- 2 mi miskunn og mi festning, mi borg og min bergar, min skjold og den eg flyr til, han som tvingar mitt folk under meg!
- 3 Herre, kva er ein mann, at du kjenner honom, eit menneskjebarn, at du agtar på det?
- 4 Mannen likjest ein pust, hans dagar er som ein kvervande skugge.
- 5 Herre, bøyg din himmel, og stig ned, rør du fjelli so dei ryk!
- 6 Lat ljonet lyna, og spreid deim, send dine piler, og skræm deim!
- 7 Rett henderne ned frå det høge, frels meg og fria meg ut frå dei store vatni, frå handi åt framande,
- 8 dei som med munnen talar svik, og deira høgre hand er lygne-hand.
- 9 Gud, ein ny song vil eg syngja deg, til tistrengs-harpa vil eg syngja deg lov,
- 10 du som gjev kongar frelsa, som friar David, tenaren din, frå det vonde sverd.
- 11 Frels meg og fria meg ut frå handi åt framande, dei som med munnen talar svik, og deira høgre hand er lygne-hand!
- 12 So våre søner kann vera i sin ungdom som høgvaksne vokstrar, våre døtter som hyrnestolpar, hogne som til eit slott,
- 13 so våre bur kann vera fulle og gjeva av alle slag, so våre sauer kann auka seg i tusundtal, ja, ti tusundtal på våre marker,
- 14 so våre kyr kann hava kalv, og der ikkje må vera brot og ikkje tap, og inkje klagerop på våre gator.
- 15 Sælt er det folk som hev det soleis; sælt er det folk som hev Herren til Gud.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗