로그인

시편 143편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 12절

  1. 1 Ein salme av David. Herre, høyr mi bøn og vend øyra til mine inderlege bøner! Svara meg i din truskap, i di rettferd,
  2. 2 og gakk ikkje til doms med din tenar; for ingen som liver, er rettferdig for di åsyn.
  3. 3 For fienden hev forfylgt mi sjæl, han hev krasa mitt liv til jordi, han hev sett meg av i myrkrer som dei æveleg daude.
  4. 4 Og mi ånd er vanmegtig i meg, mitt hjarta i meg er forskræmt.
  5. 5 Fordoms dagar kjem eg i hug, eg tenkjer på alt ditt verk og grundar på det dine hender hev gjort.
  6. 6 Mine hender retter eg til deg, som turre landet tyrster mi sjæl etter deg. Sela.
  7. 7 Herre, svara meg snart, mi ånd forgjengst! Løyn ikkje ditt andlit for meg, so eg skulde likjast deim som fer ned i gravi.
  8. 8 Lat meg høyra di miskunn um morgonen, for eg lit på deg! Lær meg den veg eg skal vandra, for eg lyfter mi sjæl til deg!
  9. 9 Fria meg, Herre, frå mine fiendar, eg søkjer livd hjå deg.
  10. 10 Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Din gode ande leide meg på jamne lendet.
  11. 11 For ditt namn skuld, Herre, haldt meg i live! I di rettferd før mi sjæl ut or trengsla!
  12. 12 Og ryd i di miskunn ut mine fiendar, og øydelegg alle som trengjer mi sjæl, for eg er din tenar.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗