시편 140편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 13절
- 1 Til songmeisteren; ein salme av David.
- 2 Herre, fria meg ut frå vonde folk, vara meg ifrå valdsmenner
- 3 som tenkjer vondt i hjarta, som kvar dag samlar seg til strid!
- 4 Dei kvesser tunga si som ein orm, orme-eiter er under lipporne deira. Sela.
- 5 Vakta meg, Herre, for henderne til dei ugudlege, vara meg ifrå valdsmenner, som tenkjest til å få mine fet til fall.
- 6 Dei ovmodige gøymer snara til meg og reip, dei strekkjer garn ved vegen, gildror set dei snaror for meg. Sela.
- 7 Eg segjer til Herren: «Min Gud er du.» Lyd, Herre, på mi bønerøyst!
- 8 Herre, Herre, du mi sterke frelsa, du vernar mitt hovud på væpningsdagen.
- 9 Herre, lat ikkje den ugudlege få si lyst, lat ikkje hans vonde råd få framgang! Dei vilde elles upphøgja seg. Sela.
- 10 Yver hovudet på deim som kringset meg, skal den ulukka falla som deira lippor valdar.
- 11 Brennande kol skal ein rista ned yver deim, i elden skal han kasta deim, i djupe vatn, so dei ikkje kann koma upp.
- 12 Ein munnkåt mann skal ikkje trygt på jordi, den vonde valdsmann skal dei jaga til han sturtar.
- 13 Eg veit at Herren skal greida saki for armingen, og retten for dei fatige. Ja, dei rettferdige skal prisa namnet ditt, dei ærlege skal bu for di åsyn.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗