로그인

시편 141편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 10절

  1. 1 Ein salme av David. Herre, eg ropar på deg, skunda deg til meg! Vend øyra til mi røyst når eg ropar til deg!
  2. 2 Lat bøni mi gjelda som røykoffer for ditt andlit, mi hand-upplyfting som kvelds-grjonoffer!
  3. 3 Herre, set vakt for munnen min, vara mi lippe-dør!
  4. 4 Bøyg ikkje mitt hjarta til noko vondt til å gjera ugudlege gjerningar saman med menner som gjer urett, og ikkje lat meg eta av deira lostemat!
  5. 5 Lat ein rettferdig slå meg i kjærleik og tukta meg! Slik hovudsalve skal ikkje mitt hovud forsmå! Um det varer, so set eg mi bøn mot deira vondskap.
  6. 6 Deira domarar vert sturta utfyre fjellveggen, og sjølv skal dei høyra mine ord, at dei er yndelege.
  7. 7 Som når ein pløgjer og rotar i jordi, so ligg beini våre spreidde kring ved døri til helheimen.
  8. 8 For upp til deg, Herre, Herre, ser mine augo, til deg flyr eg, tøm ikkje ut mi sjæl!
  9. 9 Vara meg ifrå fella dei hev sett for meg, og snarorne til deim som gjer urett!
  10. 10 Lat dei ugudlege falla i sine eigne garn, medan eg gjeng uskadd framum!

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗