시편 139편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 24절
- 1 Til songmeisteren; av David; ein salme. Herre, du ransakar meg og kjenner meg.
- 2 Um eg sit eller stend upp, so veit du det, du skynar min tanke langan veg.
- 3 Mi gonga og lega røyner du ut, og alle mine vegar kjenner du grant.
- 4 For det er inkje ord på mi tunga - sjå, Herre, du kjenner det alt til fullnads.
- 5 Bak og framme held du ikring meg, og du legg di hand på meg.
- 6 Slik kunnskap er meg for underleg, han er for høg, eg kann ikkje greida honom.
- 7 Kvar skal eg fara frå din ande, og kvar skal eg fly ifrå ditt andlit?
- 8 For eg upp til himmelen, so er du der, og reidde eg seng i helheimen, sjå, der er du og.
- 9 Tek eg vengjerne til morgonroden, slo eg meg ned ved ytste havet,
- 10 di hand vilde leida meg ogso der, og di høgre hand vilde halda meg fast.
- 11 Og sagde eg: «Myrker løyne meg, og ljoset verte natt ikringum meg,»
- 12 so vilde ikkje heller myrkret gjera noko myrkt for deg, og natti vilde vera ljos som dagen, myrkret vilde vera som ljoset.
- 13 For du hev skapt mine nyro, du hev verka meg i morsliv.
- 14 Eg takkar deg, av di eg er laga på øgjeleg underfull vis; underfulle er dine verk, og mi sjæl veit det so vel.
- 15 Mine bein var ikkje dulde for deg då eg vart laga i løynd, då eg med kunst vart verka djupt i jordi.
- 16 Då eg var eit foster, såg dine augo meg, og i di bok vart dei alle uppskrivne, dei dagar som vart fastsette, då ikkje ein av deim var komen.
- 17 Og kor dyre dine tankar er for meg, du Gud, kor store summarne er av deim!
- 18 Vil eg telja deim, so er dei fleire enn sand; eg vaknar, og endå er eg hjå deg.
- 19 Gud, gjev du vilde drepa den ugudlege! og de, blodfuse menner, vik burt frå meg -
- 20 dei som nemner deg med fulskap, brukar ditt namn til lygn - dine fiendar!
- 21 Skulde eg ikkje, Herre, hata deim som hatar deg, og styggjast ved deim som stend deg imot?
- 22 Med det sterkaste hatet hatar eg deim, fiendar er dei for meg.
- 23 Ransaka meg, Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine tankar!
- 24 Og sjå um eg er på veg til pinsla, og leid meg på æveleg veg!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗