로그인

시편 138편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 8절

  1. 1 Av David. Eg vil prisa deg av alt mitt hjarta, for augo på gudarne vil eg syngja deg lov.
  2. 2 Eg vil kasta meg ned framfyre ditt heilage tempel, eg vil takka ditt namn for di miskunn og for din truskap; for du hev gjort ditt ord herlegt yver alt ditt namn.
  3. 3 Den dagen eg ropa, svara du meg, du gjorde meg frihuga, styrkte mi sjæl.
  4. 4 Herre, alle kongar på jordi skal prisa deg, når dei fær høyra ordi av din munn.
  5. 5 Og dei skal syngja um Herrens vegar; for Herrens æra er stor,
  6. 6 for Herren er høg og ser til den låge, og den stormodige kjenner han langan veg.
  7. 7 Um eg ferdast midt i naudi, held du meg i live, mot harmen til mine fiendar retter du ut di hand, og ho frelser meg, di høgre hand.
  8. 8 Herren vil fullføra sitt verk for meg. Herre, di miskunn varer æveleg; det verk dine hender hev gjort, må du ikkje gjeva upp!

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗