로그인

시편 137편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 9절

  1. 1 Ved Babels elvar, der sat me og gret, når me kom Sion i hug.
  2. 2 På vier-runnarne der i landet hengde me harporne våre.
  3. 3 For der kravde dei som heldt oss fanga song av oss, og våre plågarar kravde gleda: «Syng åt oss av Sions songar!»
  4. 4 Korleis kann me syngja Herrens song på framand jord?
  5. 5 Um eg gløymer deg, Jerusalem, so gjev mi høgre hand må gløyma seg burt!
  6. 6 Gjev tunga må hanga fast ved gomen min, dersom eg ikkje kjem deg i hug, dersom eg ikkje set Jerusalem yver mi høgste gleda.
  7. 7 Herre, hugsa Edoms søner Jerusalems dag! dei som sagde: «Riv ned, riv ned, radt ned til grunnen!»
  8. 8 Babels dotter, du øydelagde! sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss!
  9. 9 Sæl er den som tek og krasar dine småborn imot berget!

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗