시편 136편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 26절
- 1 Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn.
- 2 Prisa Guden yver gudar, for æveleg varer hans miskunn.
- 3 Prisa Herren yver herrar, for æveleg varer hans miskunn.
- 4 Han, den einaste som gjer store under, for æveleg varer hans miskunn.
- 5 Han som gjorde himmelen med vit, for æveleg varer hans miskunn.
- 6 Han som strakte jordi yver vatni, for æveleg varer hans miskunn.
- 7 Han som gjorde dei store ljos, for æveleg varer hans miskunn,
- 8 soli til å råda yver dagen, for æveleg varer hans miskunn,
- 9 månen og stjernorne til å råda yver natti, for æveleg varer hans miskunn.
- 10 Han som slo egyptarane gjenom deira fyrstefødde, for æveleg varer hans miskunn,
- 11 og førde Israel ut frå deim, for æveleg varer hans miskunn,
- 12 med sterk hand og strak arm, for æveleg varer hans miskunn.
- 13 Han som skar i sund Raudehavet, for æveleg varer hans miskunn,
- 14 og førde Israel midt igjenom, for æveleg varer hans miskunn,
- 15 og kasta Farao og heren hans i Raudehavet, for æveleg varer hans miskunn.
- 16 Han som førde sitt folk i øydemarki, for æveleg varer hans miskunn.
- 17 Han som felte store kongar, for æveleg varer hans miskunn,
- 18 og som slo herlege kongar i hel, for æveleg varer hans miskunn,
- 19 Sihon, amoritarkongen, for æveleg varer hans miskunn,
- 20 og kongen yver Basan, Og, for æveleg varer hans miskunn,
- 21 og gav deira land til arv, for æveleg varer hans miskunn,
- 22 til arv for sin tenar Israel, for æveleg varer hans miskunn.
- 23 Han som kom oss i hug i vår stakarsdom, for æveleg varer hans miskunn,
- 24 og reiv oss ut or fiendevald, for æveleg varer hans miskunn.
- 25 Han som gjev alt som liver brød, for æveleg varer hans miskunn.
- 26 Prisa Gud i himmelen, for æveleg varer hans miskunn!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗