시편 135편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 21절
- 1 Halleluja! Lova Herrens namn, lova, de Herrens tenarar,
- 2 de som stend i Herrens hus, i fyregardarne til vår Guds hus!
- 3 Lova Herren, for Herren er god! Syng lov for hans namn, for det er yndelegt.
- 4 For Jakob hev Herren valt seg ut, Israel til sin eigedom.
- 5 For eg veit at Herren er stor, og vår Herre er meir enn alle gudar.
- 6 Herren gjer alt det han vil i himmelen og på jordi, i havi og i alle djup,
- 7 han som let eim stiga upp frå enden av jordi, gjer eldingar til regn, som fører ut or sine gøymslor vind,
- 8 han som slo dei fyrstefødde i Egyptarland både av folk og fe,
- 9 som sende teikn og under midt i deg, Egyptarland, mot Farao og alle hans tenarar.
- 10 Han som slo mange heidningefolk og drap megtige kongar,
- 11 Sihon, amoritarkongen, og Basans konge Og, og alle Kana’ans kongerike,
- 12 og gav deira land til arv, til arv for Israel, sitt folk.
- 13 Herre, ditt namn varer æveleg, Herre, ditt minne frå ætt til ætt.
- 14 For Herren skal døma sitt folk og ynkast yver sine tenarar.
- 15 Heidninge-avgudar er sylv og gull, eit verk av menneskjehender.
- 16 Dei hev munn, men talar ikkje, dei hev augo, men ser ikkje,
- 17 dei hev øyro, men høyrer ikkje, og ingen ande er i deira munn.
- 18 Som desse er, vert dei som lagar deim, alle som set si lit til deim.
- 19 Israels hus, lova Herren! Arons hus, lova Herren!
- 20 Levis hus, lova Herren! De som ottast Herren, lova Herren!
- 21 Lova vere Herren frå Sion, han som bur i Jerusalem! Halleluja!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗