로그인

시편 130편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 8절

  1. 1 Ein song til høgtidsferderne. Or djupet ropar eg på deg, Herre!
  2. 2 Herre, høyr på mi røyst, lat dine øyro merka mi bønerøyst!
  3. 3 Dersom du, Herre, vil gøyma på misgjerningar, Herre, kven kann då standa?
  4. 4 For hjå deg er forlatingi, at dei skal ottast deg.
  5. 5 Eg vonar på Herren, mi sjæl vonar, og eg ventar på hans ord.
  6. 6 Mi sjæl ventar på Herren meir enn vaktmenner på morgonen, vaktmenner på morgonen.
  7. 7 Venta, Israel, på Herren! for hjå Herren er nåden, og stor utløysing er hjå honom.
  8. 8 Og han skal løysa Israel frå alle deira misgjerningar.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗