시편 129편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 8절
- 1 Ein song til høgtidsferderne. Mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom - so segje Israel -
- 2 mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom; men dei hev ikkje fenge bugt med meg.
- 3 På min rygg hev pløgjarar pløgt, dei hev gjort sine forer lange.
- 4 Herren er rettferdig, han hev hogge av reipi til dei ugudlege.
- 5 Dei skal skjemmast og vika attende alle som hatar Sion.
- 6 Dei skal verta som gras på taki, som visnar fyrr det fær veksa;
- 7 slåttaren fær ikkje handi full, og bundelbindaren ikkje eit fang.
- 8 Og dei som gjeng framum, segjer ikkje: «Herrens velsigning vere yver dykk, me velsignar dykk i Herrens namn!»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗