로그인

시편 12편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 8절

  1. 1 Til songmeisteren, etter Sjeminit; ein salme av David.
  2. 2 Frels, Herre! For det er ute med den gudlege, dei trufaste er komne burt frå menneskjeborni.
  3. 3 Lygn talar dei kvar med sin næste, med smeikjande lippa, med tvihuga hjarta talar dei.
  4. 4 Herren rydje ut alle smeikjande lippor, den tunga som talar store ord,
  5. 5 deim som segjer: «Ved vår tunga skal me sigra; våre lippor er med oss, kven er herre yver oss?»
  6. 6 «For valdsverket mot dei arme, for sukken for dei fatige vil eg no reisa meg,» segjer Herren; «eg vil hjelpa den til frelsa, som stundar deretter.»
  7. 7 Herrens ord er reine ord, eit sylv som er reinsa i verkstaden på jordi, sju gonger skirt.
  8. 8 Du, Herre, vil vakta deim, du vil verja dei mot denne ætti for alltid. Rundt um vil dei ugudlege sviva ikring, når nidingskap vert sett høgt hjå menneskjeborni.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗