로그인

시편 123편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 4절

  1. 1 Ein song til høgtidsferderne. Til deg lyfter eg augo mine, du som sit i himmelen.
  2. 2 Sjå, som augo til tenarar skodar på handi åt herrarne sine, som augo til tenestgjenta på handi åt frua si, soleis skodar våre augo upp til Herren, vår Gud, til dess han vert oss nådig.
  3. 3 Ver oss nådig, Herre, ver oss nådig! for me er ovleg metta med vanvyrdnad.
  4. 4 Ovleg metta er vår sjæl med spott ifrå dei kaute, med vanvyrdnad frå valdsmenner.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗