시편 124편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 8절
- 1 Ein song til høgtidsferderne; av David. Hadde ikkje Herren vore med oss, - so segje Israel -
- 2 hadde ikkje Herren vore med oss, då menneskje stod upp imot oss,
- 3 so hadde dei slukt oss livande, då deira vreide loga imot oss,
- 4 so hadde vatni flødt yver oss, ei elv gjenge yver vår sjæl,
- 5 so hadde dei gjenge yver vår sjæl, dei storlåtne vatni.
- 6 Lova vere Herren, som ikkje gav oss til åt for deira tenner!
- 7 Vår sjæl slapp undan som ein fugl or fangarsnara. Snara rivna sund, og me slapp undan.
- 8 Vår hjelp er i Herrens namn, han som gjorde himmel og jord.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗