로그인

시편 121편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 8절

  1. 1 Ein song til høgtidsferderne. Eg lyfter augo mine upp til fjelli, kvar kjem mi hjelp ifrå?
  2. 2 Mi hjelp kjem ifrå Herren, han som hev skapa himmelen og jordi.
  3. 3 Han skal ikkje lata foten din vera ustød, han blundar ikkje din vaktar.
  4. 4 Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje, Israels vaktar.
  5. 5 Herren er din vaktar, Herren er din skugge ved di høgre hand.
  6. 6 Um dagen skal ikkje soli stikka deg, og ikkje månen um natti.
  7. 7 Herren skal vara deg frå alt vondt, han skal vara di sjæl.
  8. 8 Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til æveleg tid.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗