시편 116편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 19절
- 1 Eg elskar Herren, for han høyrer mi røyst, mine bøner.
- 2 For han hev bøygt sitt øyra til meg, og alle mine dagar vil eg kalla på honom.
- 3 Daude-band hadde spent seg um meg, helheims trengsla hadde funne meg; naud og sorg fann eg.
- 4 Men eg kalla på Herrens namn: «Å Herre, berga mi sjæl!»
- 5 Herren er nådig og rettferdig, og vår Gud er miskunnsam.
- 6 Herren varar dei einfalde, eg var ein arming, og han frelste meg.
- 7 Kom attende, mi sjæl, til di ro! for Herren hev gjort vel imot deg.
- 8 Ja, du fria mi sjæl frå dauden, mitt auga frå tåror, min fot frå fall.
- 9 Eg skal vandra for Herrens åsyn i landi åt dei livande.
- 10 Eg trudde, for eg tala; eg var i stor plåga.
- 11 Eg sagde i min ræddhug: «Kvar mann er ein ljugar!»
- 12 Kva skal eg gjeva Herren att for alle hans velgjerningar imot meg?
- 13 Eg vil lyfta frelse-staupet, og Herrens namn vil eg påkalla.
- 14 Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk.
- 15 Dyr er i Herrens augo dauden åt hans heilage.
- 16 Å Herre, eg er din tenar, veit du, eg er din tenar, son åt di tenestkvinna; du hev løyst mine band.
- 17 Til deg vil eg ofra takkoffer, og Herrens namn vil eg påkalla.
- 18 Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk,
- 19 i fyregardarne til Herrens hus, midt i deg, Jerusalem. Halleluja!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗