시편 115편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 18절
- 1 Ikkje oss, Herre, ikkje oss, men ditt namn gjeve du æra for di miskunn, for din truskap skuld!
- 2 Kvifor skal heidningarne segja: «Kvar er no deira Gud?»
- 3 Vår Gud er då i himmelen, alt det han vil, gjer han.
- 4 Deira avgudar er sylv og gull, eit verk av menneskjehender.
- 5 Dei hev munn, men talar ikkje, dei hev augo, men ser ikkje;
- 6 dei hev øyro, men høyrer ikkje, dei hev nos, men luktar ikkje.
- 7 Med sine hender grip dei ikkje, med sine føter gjeng dei ikkje, dei hev ikkje mål i strupen.
- 8 Som desse er, vert dei som lagar deim, alle som set si lit til deim.
- 9 Israel, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
- 10 Arons hus, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
- 11 De som ottast Herren, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
- 12 Herren kom oss i hug, han skal velsigna, han skal velsigna Israels hus, han skal velsigna Arons hus,
- 13 han skal velsigna deim som ottast Herren, dei små med dei store.
- 14 Herren late dykk auka, dykk og dykkar born!
- 15 Velsigna er de av Herren, han som skapte himmel og jord.
- 16 Himmelen er himmel for Herren, men jordi hev han gjeve menneskjeborni.
- 17 Dei daude lovar ikkje Herren, ingen av deim som stig ned i stilla.
- 18 Men me skal lova Herren frå no og til æveleg tid. Halleluja!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗