로그인

시편 114편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 8절

  1. 1 Då Israel drog ut or Egyptarland, Jakobs hus frå eit folk med framand tunga,
  2. 2 då vart Juda hans heilagdom, Israel hans rike.
  3. 3 Havet såg det og flydde, Jordan drog seg attende.
  4. 4 Fjelli hoppa som verar, haugarne som lamb.
  5. 5 Kva hev hendt deg, hav, at du flyr? du Jordan, at du dreg deg attende?
  6. 6 de fjell, at de hoppar som verar, de haugar som lamb?
  7. 7 For Herrens åsyn må du skjelva, jord, for Jakobs Guds åsyn!
  8. 8 Han som gjer berget til ein sjø, harde steinen til ei vatskjelda.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗