로그인

시편 111편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 10절

  1. 1 Halleluja! Eg vil prisa Herren av alt mitt hjarta i råd og samling av ærlege.
  2. 2 Store er Herrens verk, gjenomtenkte etter alle sine fyremål.
  3. 3 Høgd og herlegdom er hans gjerning, og hans rettferd stend æveleg fast.
  4. 4 Han hev sett eit minne for sine under, nådig og miskunnsam er Herren.
  5. 5 Mat hev han gjeve deim som ottast honom; han kjem æveleg i hug si pakt.
  6. 6 Krafti av sine verk hev han kunngjort for sitt folk, då han gav deim arven til heidningarne.
  7. 7 Det hans hender gjer, er sanning og rett, alle hans fyresegner er trufaste,
  8. 8 fast stend dei æveleg og alltid, dei er gjorde i sanning og rettvisa.
  9. 9 Han hev sendt sitt folk utløysing, han hev skipa si pakt æveleg, hans namn er heilagt og skræmelegt.
  10. 10 Otte for Herren er upphav til visdom, godt vit hev alle som gjer etter det. Hans pris varer æveleg.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗