시편 112편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 10절
- 1 Halleluja! Sæl er den mann som ottast Herren, som hev si store lyst i hans bodord.
- 2 Hans avkjøme skal vera veldugt på jordi, ætti av dei ærlege skal verta velsigna.
- 3 Det er velstand og rikdom i hans hus, og hans rettferd stend æveleg fast.
- 4 Det renn upp eit ljos i myrker for dei ærlege, nådig, miskunnsam og rettferdig er han.
- 5 Vel gjeng det den mann som er miskunnsam og gjev lån, han held uppe si sak i retten.
- 6 For dei skal ikkje rikka honom i all æva, den rettferdige skal vera i ævelegt minne.
- 7 For vond tidend skal han ikkje ræddast; hans hjarta er fast, det lit på Herren.
- 8 Hans hjarta er trygt; han ræddast ikkje, til dess han ser med lyst på sine fiendar.
- 9 Han strår ut, gjev til dei fatige, hans rettferd stend alltid, hans horn skal verta upplyft med æra.
- 10 Den ugudlege skal sjå det og harmast, han skal skjera tenner og tærast upp, det dei ugudlege hev lyst til, vert upp i inkje.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗