로그인

시편 110편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 7절

  1. 1 Av David, ein salme. Herren sagde til min herre: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel for dine føter!»
  2. 2 Ditt veldes kongsstav skal Herren retta ut frå Sion; ver herre midt imillom dine fiendar!
  3. 3 Ditt folk møter viljugt fram på ditt veldes dag; i heilagt skrud kjem din ungdom til deg som dogg or fanget på morgonroden.
  4. 4 Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»
  5. 5 Herren ved di høgre hand knasar kongar den dag han vreidest.
  6. 6 Han dømer millom heidningarne, fyller upp med lik, han knasar hovud utyver den vide jord.
  7. 7 Or bekken drikk han på vegen, difor lyfter han hovudet høgt.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗