시편 106편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 48절
- 1 Halleluja! Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
- 2 Kven kann fullt ut nemna Herrens velduge verk, forkynna all hans lov?
- 3 Sæle er dei som tek vare på det som rett er, den som gjer rettferd til kvar tid!
- 4 Herre, kom meg i hug med den godhug du hev for ditt folk, gjesta meg med di frelsa!
- 5 so eg kann skoda lukka åt dine utvalde, gleda meg med ditt folks gleda, rosa meg med din arv.
- 6 Me hev synda med våre feder, me hev gjort ille, me hev vore ugudlege.
- 7 Våre feder i Egyptarland agta ikkje på dine under, dei kom ikkje i hug dine mange nådegjerningar, men dei var tråssuge ved havet, ved Raudehavet.
- 8 Men endå frelste han deim for sitt namn skuld, av di han vilde kunngjera si magt,
- 9 og han truga Raudehavet so det vart turt, og han let deim ganga gjenom djupi som på slette marki,
- 10 og han frelste deim frå hans hand som hata deim, og løyste deim ut or fiendehand,
- 11 og vatn gøymde deira motstandarar, ikkje ein vart att av deim.
- 12 Då trudde dei på ordi hans, då song dei hans lov.
- 13 Men snart gløymde dei hans gjerningar, dei bia ikkje på hans råd;
- 14 men dei fekk ein gir i seg i øydemarki, og dei freista Gud på den ubygde stad.
- 15 Då gav han deim det dei vilde hava, men sende tærande sjukdom yver deira liv.
- 16 Og dei vart ovundsjuke på Moses i lægret, på Aron, Herrens heilage.
- 17 Då opna jordi seg og slukte Datan, og ho let seg att yver flokken åt Abiram,
- 18 og det kveiktest eld på flokken deira, ein loge brende upp dei ugudlege.
- 19 Dei gjorde ein kalv ved Horeb og tilbad eit støypt bilæte,
- 20 og dei bytte burt si æra for bilætet av ein ukse som et gras.
- 21 Dei gløymde Gud, sin frelsar, som hadde gjort store ting i Egyptarland,
- 22 undergjerningar i Khams land, skræmelege ting ved Raudehavet.
- 23 Og han tenktest til å tyna deim, dersom ikkje Moses, hans utvalde, hadde kasta seg imillom for hans åsyn til å avvenda hans vreide, at han ikkje skulde øydeleggja.
- 24 Og dei vanvyrde det herlege landet, dei trudde ikkje ordet hans,
- 25 og dei knurra i sine tjeld, høyrde ikkje på Herrens røyst.
- 26 Då lyfte han si hand imot deim til å slå deim ned i øydemarki,
- 27 og slå deira etterkomarar ned millom heidningarne og spreida deim kring i landi.
- 28 Og dei batt seg saman med Ba’al-Peor, og dei åt av offer til dei daude,
- 29 og dei vekte harm ved si åtferd, og ei plåga braut ut millom deim.
- 30 Då stod Pinehas fram og heldt dom, og plåga stilltest;
- 31 og det vart rekna honom til rettferd frå ætt til ætt æveleg.
- 32 Og dei vekte vreide ved Meribavatnet, og det gjekk Moses ille for deira skuld;
- 33 for dei var tråssuge mot hans ande, og han tala tankelaust med sine lippor.
- 34 Dei øydelagde ikkje dei folki som Herren hadde tala med deim um,
- 35 men dei blanda seg med heidningarne og lærde deira gjerningar,
- 36 og dei tente deira avgudar, og desse vart deim til ei snara,
- 37 og dei ofra sine søner og døtter til magterne,
- 38 og dei rende ut skuldlaust blod, blod av sine søner og døtter som dei ofra til Kana’ans avgudar, og landet vart vanhelga med blodskuld.
- 39 Og dei vart ureine ved sine gjerningar og dreiv hor ved si åtferd.
- 40 Då loga Herrens vreide upp imot hans folk, og han stygdest ved sin arv.
- 41 Og han gav deim i handi på heidningar, og dei som hata deim, vart herrar yver deim,
- 42 og deira fiendar trengde deim, og dei laut bøygja seg under deira hand.
- 43 Mange gonger fria han deim ut, men dei var tråssuge og sjølvrådige, og dei kom reint i vesaldom for si misgjerning.
- 44 Men han såg til deim då dei var i naud, med di han høyrde deira klagerop.
- 45 Og han kom i hug si pakt for deim, og han ynkast etter si store miskunn.
- 46 Og han let deim finna miskunn hjå alle som hadde fanga deim.
- 47 Frels oss, Herre vår Gud, og samla oss frå heidningarne, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av ditt lov!
- 48 Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Og alt folket segje: Amen. Halleluja!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗