시편 105편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 45절
- 1 Prisa Herren, kalla på hans namn! Kunngjer millom folkeslagi hans storverk!
- 2 Syng for honom, syng honom lov! tala um alle hans under.
- 3 Rosa dykk av hans heilage namn, hjarta glede seg hjå deim som søkjer Herren!
- 4 Spør etter Herren og hans magt, søk hans åsyn alltid!
- 5 Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn,
- 6 de, etterkomarar av Abraham, hans tenar, søner åt Jakob, hans utvalde!
- 7 Han er Herren, vår Gud, yver all jordi gjeng hans domar.
- 8 Han kjem æveleg i hug si pakt, det ord han sette fast for tusund ætter,
- 9 den pakt han gjorde med Abraham, og sin eid til Isak;
- 10 og han gjorde det til ein rett for Jakob, for Israel ei æveleg pakt,
- 11 med di han sagde: «Deg vil eg gjeva Kana’ans land til arvlut.»
- 12 Då dei var ein liten flokk, få og framande der,
- 13 og dei vandra frå folk til folk, frå eitt rike til eit anna folk,
- 14 let han ingen mann få gjera valdsverk mot deim, og han refste kongar for deira skuld:
- 15 «Rør ikkje dei eg hev salva, og gjer ikkje vondt med mine profetar!»
- 16 Og han kalla hunger inn yver landet, kvar studnad av brød braut han sund.
- 17 Han sende ein mann fyre deim, til træl vart Josef seld.
- 18 Dei plåga hans føter i lekkjor, i jarn vart han lagd,
- 19 til den tid då hans ord slo til, då Herrens ord viste at han var uskuldig.
- 20 Då sende kongen bod og løyste honom, Herren yver folkeslag gav honom fri.
- 21 Han sette honom til herre yver sitt hus, til å råda yver all hans eigedom;
- 22 so han skulde binda hans hovdingar etter sin vilje og læra hans eldste visdom.
- 23 Og Israel kom til Egyptarland, og Jakob budde som gjest i Khams land.
- 24 Og han let folket sitt aukast mykje og gjorde det sterkare enn fiendarne.
- 25 Deira hjarto vende han um, so dei hata hans folk og lagde løynderåder upp mot hans tenarar.
- 26 Han sende Moses, sin tenar, Aron som han hadde valt ut.
- 27 Dei gjorde hans teikn imillom deim og under i Khams land.
- 28 Han sende myrker og gjorde det myrkt, og dei var ikkje ulyduge imot hans ord.
- 29 Han gjorde vatni deira til blod, og han drap deira fiskar.
- 30 Deira land kom til å kreka av froskar, jamvel i salarne til deira kongar.
- 31 Han tala, og det kom flugesvermar og my i heile landet deira.
- 32 Han gav deim hagl for regn, logande eld i landet deira,
- 33 og han slo ned deira vintre og fiketre og braut trei sund i landet deira.
- 34 Han tala, og det kom engsprettor og grashoppar i uteljande mengd,
- 35 og dei åt upp all grode i deira land, og dei åt upp frukti av marki deira.
- 36 Og han slo alt fyrstefødt i landet deira, fyrstegrøda av all deira kraft.
- 37 Og han førde deim ut med sylv og gull, og det var ingen i hans ætter som snåva.
- 38 Egyptarland gledde seg då dei drog ut; for rædsla for deim hadde falle yver deim.
- 39 Han breidde ut ei sky til skyggje og eld til å lysa um natti.
- 40 Dei kravde, og han let vaktlar koma, og med himmelbrød metta han deim.
- 41 Han opna berget og vatn rann ut, det gjekk som ei elv gjenom turrlendet.
- 42 For han kom i hug sitt heilage ord, Abraham, sin tenar,
- 43 og han førde sitt folk ut med gleda, sine utvalde med fagnadrop,
- 44 og han gav deim landi åt heidningarne, og folkeslags arbeid tok dei til eigedom,
- 45 at dei skulde halda hans fyresegner og taka vare på hans lover. Halleluja!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗