시편 104편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 35절
- 1 Lova Herren, mi sjæl! Herre min Gud, du er ovleg stor, i høgd og herlegdom er du klædd.
- 2 Han sveiper seg i ljos som i eit klædeplagg, han spanar ut himmelen som ein tjeldduk,
- 3 han som timbrar sine høgsalar i vatni, han som gjer skyerne til si vogn, han som fer fram på vengjerne åt vinden.
- 4 Han gjer vindar til sine englar og logande eld til sine tenarar.
- 5 Han grunnfeste jordi på stolparne hennar, ho skal ikkje verta rikka i all æva.
- 6 Djupe vatn lagde du yver henne som eit klæde, yver fjelli stod vatni.
- 7 For ditt trugsmål flydde dei, for ditt toremål skunda dei seg burt
- 8 - fjell steig, dalar sokk - til den staden som du hadde grunnfest for deim.
- 9 Ei grensa sette du, som dei ikkje skulde skrida yver, dei skal ikkje atter skulde leggja seg yver jordi.
- 10 Han sender uppkomor fram i dalarne, millom fjelli renn dei.
- 11 Dei vatnar alle villdyr på marki, villasni sløkkjer torsten sin.
- 12 Yver deim bur himmelens fuglar, millom greinerne syng dei.
- 13 Han vatnar fjelli frå sine høge salar, jordi vert metta av den frukt du skaper.
- 14 Gras let han gro for feet, og vokstrar til gagn for folk til å få brød fram or jordi,
- 15 og vin som gled menneskjehjarta, til å lata andlitet skina av olje, og avla brød som styrkjer menneskjehjarta.
- 16 Herrens tre vert metta, Libanons cedrar som han hev sett,
- 17 der fuglane byggjer reir, storken som hev sitt hus i cypressarne.
- 18 Dei høge fjelli er for steinbukkarne, bergskortorne er til livd for fjell-grevlingarne.
- 19 Han gjorde månen til tidarmerke; soli kjenner si nedgangstid.
- 20 Du sender myrker, og det vert natt, då krek alle villdyr i skogen fram.
- 21 Dei unge løvor burar etter ran, og dei krev si føda av Gud.
- 22 Soli gjeng upp, då dreg dei seg heim og legg seg inn i sine bol.
- 23 Menneskja gjeng ut til si gjerning, til sitt arbeid alt til kvelds.
- 24 Kor mange dine gjerningar er, Herre! Du gjorde deim alle med visdom, jordi er full av det du hev skapt.
- 25 Sjå havet, det store og vide! Der krek det i uteljande mengd av dyr både små og store.
- 26 Der gjeng skipi, Livjatan som du hev laga til å leika seg der.
- 27 Alle ventar dei på deg, at du skal gjeva deim føda i si tid.
- 28 Du gjev deim, dei sankar, du let upp handi, dei vert metta med godt.
- 29 Du løyner ditt andlit, dei vert forskræmde, du tek burt deira ande, dei døyr og dei vender attende til dusti si.
- 30 Du sender ut din ande, dei vert skapte, du nyar upp att skapnaden åt jordi.
- 31 Herrens æra vare æveleg, Herren glede seg i sine gjerningar!
- 32 Han som skodar på jordi og ho skjelv, han som rører fjelli og dei ryk.
- 33 Eg vil syngja for Herren so lenge eg liver, eg vil lovsyngja min Gud so lenge eg er til.
- 34 Gjev min tale kunde tekkjast honom! Eg vil gleda meg i Herren.
- 35 Gjev syndarar måtte kverva burt frå jordi, og ugudlege ikkje lenger finnast! Lova Herren, mi sjæl! Halleluja, lova Herren.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗