빌레몬서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 빌레몬서 (Philemon) · 25절
- 1 Paulus, Kristi Jesu fange, og broderen Timoteus til Filemon, vår kjære ven og medarbeidar,
- 2 og til Apfia, vår syster, og til Arkippus, vår medstridsmann, og til kyrkjelyden i ditt hus:
- 3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!
- 4 Eg takkar alltid min Gud, når eg kjem deg i hug i bønerne mine,
- 5 då eg høyrer um din kjærleik og den tru som du hev til Herren Jesus og til alle dei heilage,
- 6 at deira samfund med deg i trui må verta verksamt for Kristus i kjennskapen til alt det gode som er i dykk.
- 7 For eg fekk stor gleda og trøyst ved din kjærleik, av di dei heilage er hugga i hjarta ved deg, bror!
- 8 Difor, endå eg hev stort frimod i Kristus til å påleggja deg det som sømelegt er,
- 9 so bed eg då heller for kjærleiken skuld. Slik som eg er, den gamle Paulus, men no og Kristi Jesu fange,
- 10 bed eg deg for son min, som eg hev avla i mine lekkjor, Onesimus,
- 11 som fyrr var unyttug for deg, men no er nyttug for deg og for meg, han som eg sender attende til deg.
- 12 Tak du imot honom, det er mitt eiga hjarta!
- 13 Eg hadde hug til å få hava honom hjå meg, so han i din stad kunde tena meg i mine lekkjor for evangeliet,
- 14 men utan ditt samtykkje vilde eg ingen ting gjera, so din godleik ikkje skulde vera liksom av tvang, men av fri vilje.
- 15 For kann henda han difor vart skild frå deg for ei stund, at du kunde få honom att til æveleg eiga,
- 16 ikkje lenger som træl, men meir enn ein træl, som ein kjær bror, serleg for meg, men kor mykje meir for deg, både i kjøtet og i Herren!
- 17 So sant du då held meg for din medbror, so tak imot honom som meg sjølv!
- 18 Og hev han gjort deg nokon urett, eller er han deg noko skuldig, so før det på mi rekning.
- 19 Eg, Paulus, skriv med mi eigi hand: Eg skal betala det - at eg ikkje skal segja deg, at du skyldar meg endå deg sjølv.
- 20 Ja, bror, lat meg då hava gagn av deg i Herren, hugga mitt hjarta i Kristus!
- 21 I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg, eg er viss på at du vil gjera endå meir enn eg segjer.
- 22 Stell so og til herbyrge åt meg; for eg vonar at eg ved dykkar bøner skal verta dykk gjeven.
- 23 Epafras, min medfange i Kristus Jesus, helsar deg;
- 24 like eins Markus, Aristarkus, Demas, Lukas, mine medarbeidarar.
- 25 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗