디도서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 디도서 (Titus) · 15절
- 1 Minn deim um å vera styremagter og yverråder undergjevne, vera lyduge, reidebune til all god gjerning,
- 2 ikkje spotta nokon, vera fredlege, godlyndte, visa all spaklynde mot alle menneskje.
- 3 For me var og eingong uvituge, ulyduge, villfarande, trælande under mangeslag lyster og fysnor, livande i vondskap og ovund, hata og hatande kvarandre.
- 4 Men då Guds, vår frelsars, godleik og mannemilde vart openberra,
- 5 frelste han oss - ikkje for rettferdige gjerningar skuld, som me hadde gjort, men etter si miskunn - ved badet til atterføding og uppnying ved den Heilage Ande,
- 6 som han rikleg hev rent ut yver oss ved Jesus Kristus, vår frelsar,
- 7 so me, rettferdiggjorde ved hans nåde, i voni skulde verta ervingar til det ævelege liv.
- 8 Dette er eit sant ord! Og dette vil eg at du skal prenta inn, so dei som trur på Gud, må leggja vinn på å gjera gode gjerningar. Dette er godt og gagnlegt for menneski;
- 9 men dårlege stridsspursmål og ættartal og kivsmål og trettor um lovi skal du halda deg ifrå, for dei er gagnlause og fåfengde.
- 10 Eit ranglærande menneskje skal du visa frå deg, når du hev påminnt honom ein gong og tvo gonger,
- 11 då du veit at ein slik er rangsnudd og syndar, fordømd av seg sjølv.
- 12 Når eg sender Artemas til deg eller Tykikus, so gjer deg umak med å koma til meg i Nikopolis; for der hev eg tenkt å vera vinteren yver.
- 13 Zenas, den lovlærde, og Apollos skal du med umhug hjelpa i vegen, so dei ikkje skal vanta noko.
- 14 Men lat og våre læra å driva på gode gjerningar, etter som torv er til, so dei ikkje skal vera fruktlause.
- 15 Alle som er hjå meg, helsar deg. Helsa deim som elskar oss i trui! Nåden vere med dykk alle!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗