히브리서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 히브리서 (Hebrews) · 14절
- 1 Etter at Gud fordom hadde tala mange gonger og på mange måtar til federne gjenom profetarne, so hev han i desse siste dagar tala til oss gjenom Sonen.
- 2 Honom hev han sett til erving yver alle ting, og ved honom hev han og gjort verdi.
- 3 Han er avglansen av hans herlegdom og avbilætet av hans grunn-hått, og ber alle ting ved sitt veldes ord, og då han hadde gjort reinsing for synderne våre, sette han seg difor ved høgre handi åt Majestæten i det høge,
- 4 og han hev vorte so mykje hævare enn englarne som han hev ervt eit herlegare namn framfor deim.
- 5 For kven av englarne hev han noko sinn sagt det til: «Du er son min, eg hev født deg i dag?» og atter: «Eg vil vera honom ein far, og han skal vera meg ein son.»
- 6 Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verdi, segjer han: «Og alle Guds englar skal tilbeda honom.»
- 7 Og um englarne segjer han: «Han som gjer englarne sine til vindar og tenarane sine til eldsloge;»
- 8 men um Sonen: «Din kongsstol, Gud, stend i all æva; ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike.
- 9 Du elska rettferd og hata urett; difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.»
- 10 Og: «Du, Herre, grunnfeste jordi frå upphavet, og himlarne er verk av dine hender;
- 11 dei skal forgangast, men du vert verande, og dei skal alle eldast som ein klædnad,
- 12 og som ei kåpa skal du rulla deim saman, og dei skal verta umskifte, men du er den same, og dine år skal ikkje få ende.»
- 13 Men kven av englarne hev han noko sinn sagt det til: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel under dine føter?»
- 14 Er dei ikkje alle saman tenande ånder, som vert utsende til tenesta for deira skuld som skal erva frelsa?
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗