베드로전서 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 베드로전서 (1 Peter) · 14절
- 1 Dei eldste millom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er med-eldste og vitne um Kristi lidingar, som og hev lut i den herlegdomen som skal openberrast:
- 2 Gjæt den Guds hjord som er hjå dykk, og hav tilsyn med henne, ikkje av tvang, men sjølvminnt, ikkje for ei skamleg vinning, men med hug,
- 3 ikkje heller so at de vil vera herrar yver kyrkjelydarne, men so at de vert fyredøme for hjordi.
- 4 Når yverhyrdingen openberrast, då skal de få den uvisnelege ærekransen.
- 5 Like eins skal de yngre vera dei eldre undergjevne, og alle skal de klæda dykk i audmykt mot kvarandre; for Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
- 6 So audmyk dykk då under Guds velduge hand, so han kann upphøgja dykk i si tid!
- 7 Kasta all dykkar sut på honom; for han hev umsut for dykk!
- 8 Ver ædrue, vak! Dykkar motstandar djevelen gjeng ikring som ei burande løva og søkjer kven han kann gløypa;
- 9 statt honom imot, trauste i trui, sidan de veit at dei same lidingar er lagde på brørne dykkar i verdi!
- 10 Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus etter ei stuttvarug liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk.
- 11 Honom høyrer magti til i all æva. Amen.
- 12 Med Silvanus, den trufaste broren - det meiner eg han er - skriv eg stutt til dykk og påminner og vitnar at dette er Guds sanne nåde, som de stend i.
- 13 Den medutvalde kyrkjelyden i Babylon helsar dykk, like eins Markus, son min.
- 14 Helsa kvarandre med kjærleiks kyss! Fred vere med alle dykk som er i Kristus!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗