베드로후서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 베드로후서 (2 Peter) · 21절
- 1 Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, til deim som hev fenge same dyre tru som me ved vår Gud og frelsar Jesu Kristi rettferd:
- 2 Nåde og fred vere med dykk i rikt mål, med di de kjenner Gud og Jesus, vår Herre!
- 3 Etter som hans guddomlege magt hev gjeve oss alt som høyrer til liv og gudlegdom, ved kunnskapen um honom som kalla oss ved sin eigen herlegdom og si kraft,
- 4 og dermed hev gjeve oss dei største og dyraste lovnader, for at de ved deim skulde verta luthavande i guddomleg natur, med di de flyr frå den tyning i verdi som kjem av lysti:
- 5 so gjer dykk og just difor all umak, og vis i trui dykkar dygd, og i dygdi skynsemd,
- 6 og i skynsemdi fråhald, og i fråhaldet tolmod, og i tolmodet gudlegdom,
- 7 og i gudlegdomen broderkjærleik, og i broderkjærleiken kjærleik til alle.
- 8 For når desse ting finst hjå dykk og fær veksa, då viser dei at de ikkje er yrkjelause eller fruktlause i kunnskapen um vår Herre Jesus Kristus.
- 9 For den som ikkje hev desse ting, han er blind, dimsynt og hev gløymt reinsingi frå sine fyrre synder.
- 10 Difor, brør, legg so mykje meir vinn på å gjera dykkar kall og utveljing fast; for når de gjer desse ting, skal de ikkje nokon gong snåva.
- 11 For soleis skal det rikleg verta gjeve dykk inngang i vår Herre og frelsar Jesu Kristi ævelege rike.
- 12 Difor kjem eg alltid til å minna dykk um dette, endå de veit det og er grunnfeste i den sanning som er hjå dykk.
- 13 Like vel held eg det for rett å vekkja dykk ved påminning, so lenge eg er i denne hytta,
- 14 sidan eg veit at eg brått skal leggja ned hytta mi, so som og vår Herre Jesus Kristus hev varsla meg.
- 15 Men eg vil og leggja vinn på at de alltid etter min burtgang kann minnast dette.
- 16 For det var ikkje klokt uttenkte eventyr me fylgde, då me kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi magt og tilkoma, men me hadde vore augvitne til hans storvelde.
- 17 For han fekk æra og herlegdom av Gud Fader, ei slik røyst kom til honom frå den høgste herlegdomen: «Dette er son min, som eg elskar, som eg hev hugnad i.»
- 18 Og denne røysti høyrde me koma frå himmelen, då me var saman med honom på det heilage fjellet.
- 19 Og dess fastare hev me det profetiske ordet, og de gjer vel i å agta på det som på eit ljos som skin på ein myrk stad, til dess dagen lyser fram, og morgonstjerna renn upp i hjarto dykkar,
- 20 men di de fyrst og fremst veit dette, at inkje profetord i skrifti er gjeve til eigi tyding.
- 21 For aldri er noko profetord framkome av mannevilje; men dei heilage Guds menner tala, drivne av den Heilage Ande.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗