베드로전서 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 베드로전서 (1 Peter) · 19절
- 1 Sidan no Kristus hev lide i kjøtet, so væpna og de dykk med den same tanken, at den som hev lide i kjøtet, er ferdig med syndi,
- 2 so de ikkje lenger skal liva etter menneskje-lyster, men etter Guds vilje, den tid de endå skal vera i kjøtet.
- 3 For det er nok at de i den framfarne livstid hev gjort det som heidningarne vil, med di de ferdast i used, lyster, fullskap, svir, drykk og usømeleg avgudsdyrking;
- 4 difor undrast dei når de ikkje renner med deim ut i den same straum av skamløysa, og dei spottar dykk.
- 5 Men dei skal gjera rekneskap for honom som held seg ferdig til å døma livande og daude.
- 6 For dertil vart evangeliet forkynt ogso for daude, at dei vel skulde verta dømde som menneskje i kjøt, men liva so som Gud i ånd.
- 7 Men enden på alle ting er komen nær. Ver difor vislege og ædrue til bøner!
- 8 Og hav framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre! for kjærleiken løyner ei mengd med synder.
- 9 Ver gjestmilde mot kvarandre utan murring!
- 10 Etter som kvar hev fenge ei nådegåva, so ten kvarandre med henne som gode hushaldarar yver Guds mangfaldige nåde!
- 11 Um nokon talar, han tale som Guds ord, um nokon tener i kyrkjelyden, han tene som av den kraft Gud gjev, so Gud må verta æra i alle ting ved Jesus Kristus, som æra og magti høyrer til i all æva. Amen.
- 12 De kjære! Undra dykk ikkje yver den elden som kjem yver dykk til prøving, som um det hende dykk noko underlegt!
- 13 Men i same mun som de hev lut i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, so de og kann gleda dykk med fagnad når hans herlegdom vert openberra.
- 14 Dersom de vert hædde for Kristi namn skuld, er de sæle; for Herlegdoms-Anden og Guds Ande kviler yver dykk.
- 15 For ingen av dykk må lida av di han er mordar eller tjuv eller illgjerningsmann, eller av di han blandar seg i framande målemne.
- 16 Men lid han av di han er ein kristen, so skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.
- 17 For det er no den tid då domen skal taka til med Guds hus; men tek det til med oss, kva vert då enden for deim som ikkje vil tru Guds evangelium?
- 18 Og dersom den rettferdige vandt vert frelst, kvar skal det då verta av den ugudlege og syndaren?
- 19 Difor skal og dei som lid etter Guds vilje, gjeva yver sjælerne sine til den trufaste skaparen, med di dei gjer det gode.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗