민수기 28장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 민수기 (Numbers) · 31절
- 1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
- 2 «So skal du segja til Israels-sønerne: «Offeri mine, maten min, dei angande retterne mine lyt de koma i hug å bera fram for meg på si visse tid.»
- 3 Seg til deim: «So skal dei rettarne vera som de ber fram for Herren: Tvo årsgamle lytelause lamb um dagen, til fast brennoffer.
- 4 Eitt lamb skal du ofra um morgonen, og eitt solegladsbil,
- 5 og til grjonoffer ei kanna fint mjøl, blanda med ei halvkanna av den beste beroljen.
- 6 Det skal vera det faste brennofferet, so som det vart frambore på Sinaifjellet til ein kveikjande ange, ein rjukande rett for Herren.
- 7 Og drykkofferet som høyrer til det eine lambet, skal vera ei halvkanna vin; den skal de skjenkja ut i heilagdomen til kryddedrykk for Herren.
- 8 Det andre lambet skal du ofra solegladsbil; med same grjonofferet som um morgonen, og same drykkofferet, skal du bera det fram, då er det ein god offerrett, som angar søtt for Herren.
- 9 Um kviledagen skal du ofra tvo årsgamle lamb utan lyte, og til grjonoffer tvo kannor fint mjøl, blanda med olje, og drykkofferet som høyrer til.
- 10 Det er kviledags-brennofferet som skal berast fram kvar helg, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til.
- 11 Den fyrste dagen i kvar månad skal de bera fram eit brennoffer for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb utan lyte,
- 12 og til grjonoffer tri kannor fint mjøl, blanda med olje, for kvar ukse, og tvo kannor fint mjøl, blanda med olje, for kvar ver,
- 13 og ei kanna fint mjøl, blanda med olje, for kvart lamb; då er det eit rett brennoffer som angar godt, ein god offerrett for Herren.
- 14 Og drykkofferet skal vera ei kanna vin for kvar ukse, og tvo pottar for kvar ver, og ei halvkanna for kvart lamb. Dette er månads-brennofferet som de skal bera fram kvar nymånedag i året.
- 15 Då skal de og ofra ein geitebukk til syndoffer åt Herren, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til.
- 16 Den fjortande dagen i den fyrste månaden er det påskehelg for Herren.
- 17 Og den femtande dagen i den same månaden er det pilegrimshelg; då skal de eta usyrt brød sju dagar.
- 18 Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid.
- 19 Og de skal bera fram for Herren ein rjukande brennofferrett: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -
- 20 og til grjonoffer attåt dei fint mjøl, blanda med olje: tri kannor for kvar ukse og tvo kannor attåt veren,
- 21 og ei kanna for kvart av dei sju lambi,
- 22 og so ein syndofferbukk til soning for dykk.
- 23 Dette skal de ofra umfram morgon-brennofferet, som høyrer til den daglege offergåva.
- 24 Sovorne gåvor skal de bera fram kvar av dei sju dagarne: det er offermat som angar godt for Herren; attåt det daglege brennofferet skal de bera det fram, med drykkofferet som høyrer til.
- 25 Den sjuande dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera då.
- 26 Nygrødedagen, når de ber fram eit nytt grjonoffer for Herren, og høgtidar sjuvikehelgi, då skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid.
- 27 Og de skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb,
- 28 og til grjonoffer fint mjøl, blanda med olje, tri kannor for kvar ukse, og tvo kannor for kvar ver,
- 29 og ei kanna for kvart av dei sju lambi,
- 30 og so ein geitebukk til soning for dykk.
- 31 Det skal de ofra umfram det daglege brennofferet og grjonofferet som høyrer til. Offeri skal vera lytelause, og dei vanlege drykkofferi skal fylgja med.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗