민수기 27장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 민수기 (Numbers) · 23절
- 1 Men døtterne åt Selofhad - dei heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa, og var ætta frå Manasse, Josefs son; for Selofhad, far deira, var son åt Hefer, son åt Gilead, son åt Makir, son åt Manasse -
- 2 dei gjekk fram i møtetjelddøri, og stod framfor Moses og Eleazer, øvstepresten, og alle hovdingarne og heile lyden, og sagde:
- 3 «Far vår døydde i øydemarki, men han var ikkje med i den flokken som sette seg upp mot Herren - i Korah-flokken - han døydde for si synd skuld, og han hadde ingi søner.
- 4 Skal no namnet åt far vår ganga ut or ætti av di han ingen son hadde? Gjev oss odel tilliks med farbrørne våre!»
- 5 Moses bar saki deira fram for Herren.
- 6 Og Herren sagde til Moses:
- 7 «Det er rett som døtterne åt Selofhad segjer. Du skal gjeva deim odel tilliks med farbrørne deira, og lata farsgarden ganga i arv til deim.
- 8 Og til Israels-folket skal du segja: «Når ein mann døyr, og ikkje hev nokon son, so skal de lata garden hans ganga i arv til dotteri.
- 9 Hev han ingi dotter, so skal de gjeva brørne hans garden;
- 10 og hev han ikkje brør, so skal de lata farbrørne hans få garden;
- 11 men hadde ikkje faren nokon bror, so skal den næmaste skyldingen i ætti få garden til odel og eiga. Dette skal gjelda for rett hjå Israels-folket, soleis som Herren hev sagt med Moses.»»
- 12 Sidan sagde Herren til Moses: «Stig upp på Abarimfjellet her, og sjå utyver landet som eg hev gjeve Israels-sønerne.
- 13 Og når du hev set det, skal du og fara til federne dine, som Aron, bror din, fyre deg,
- 14 av di de var ulyduge mot meg i Sinheidi, då lyden trætta, og de ikkje vilde syna deim mi guddomsmagt og lata vatnet strøyma fram for augo deira.» - Av det hev Meribavatnet ved Kades i Sinheidi fenge namn.
- 15 Då tala Moses til Herren og sagde:
- 16 «Herre, du som kjenner kvar manns hug, vil ikkje du setja ein mann yver lyden,
- 17 som kann ganga fyre deim både heime og burte og fylgja deim både ut og inn, so ikkje lyden din skal vera som ein saueflokk utan hyrding!»
- 18 Og Herren sagde til Moses: «Tak Josva, son åt Nun! Han er ein heilag mann. Legg handi på hovudet hans,
- 19 og leid honom fram for Eleazar, øvstepresten, og for heile lyden, og set honom inn til styresmann framfor augo deira,
- 20 og gjev honom noko av den vyrdnaden du hev med deg, so kjem heile Israels-lyden til å høyra på honom.
- 21 Og han skal ganga fram for Eleazar, øvstepresten, og Eleazar skal for Herrens åsyn spyrja urim-oraklet for honom, og etter hans ord skal dei retta seg i alt dei tek seg fyre, både Josva og heile Israels-borni og heile lyden.»
- 22 Moses gjorde som Moses sagde; han tok og leidde Josva fram for Eleazar, øvstepresten, og heile lyden,
- 23 og Eleazar lagde henderne på honom, og sette honom inn til styresmann, som Herren hadde havt Moses til å segja med honom.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗