민수기 29장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 민수기 (Numbers) · 39절
- 1 Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid; den dagen skal lurarne ljoma,
- 2 og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,
- 3 og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor attåt uksen, og tvo kannor attåt veren,
- 4 og ei kanna for kvart av dei sju lambi,
- 5 og so ein syndofferbukk til soning for dykk,
- 6 umfram månads-brennofferet og grjonofferet som høyrer til det, og umfram det faste brennofferet med sitt grjonoffer og dei vanlege drykkofferi; då er det ein god offerrett, som angar søtt for Herren.
- 7 Tiande dagen i den same sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte. Då skal de fasta og ikkje gjera noko arbeid;
- 8 og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -
- 9 og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor attåt uksen, og tvo kannor attåt veren,
- 10 og ei kanna for kvart av dei sju lambi,
- 11 og so ein geitebukk til syndoffer, umfram sonings-syndofferet og det daglege brennofferet med grjonofferet og drykkofferi som høyrer til.
- 12 Femtande dagen i den sjuande månaden skal de samlast til eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid; og de skal halda pilegrimshelg for Herren i sju dagar.
- 13 Då skal de bera fram for Herren ein brennofferrett, som angar godt for Herren: trettan unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -
- 14 og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor for kvar av dei trettan uksarne, og tvo kannor for kvar av dei tvo verarne,
- 15 og ei kanna for kvart av dei fjortan lambi,
- 16 og so ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer.
- 17 Andre dagen skal de bera fram tolv unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
- 18 og grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,
- 19 og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og sine drykkoffer;
- 20 tridje dagen elleve uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
- 21 og grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,
- 22 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;
- 23 fjorde dagen ti uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
- 24 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,
- 25 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;
- 26 femte dagen ni uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
- 27 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,
- 28 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;
- 29 sette dagen åtte uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
- 30 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,
- 31 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;
- 32 sjuande dagen sju uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
- 33 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,
- 34 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer.
- 35 Åttande dagen skal de halda ei stor samlingshøgtid, og må ikkje gjera noko utearbeid;
- 36 og de skal bera fram ein brennofferrett som angar godt: ein ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,
- 37 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksen og veren og lambi etter talet,
- 38 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer.
- 39 Dette er det de skal ofra Herren på høgtiderne dykkar, umfram det de hev lova eller gjev i godvilje, anten det er brennoffer eller grjonoffer eller drykkoffer eller takkoffer.»»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗