마태복음 21장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 46절
- 1 Då dei var komne til Betfage, til Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, då sende Jesus tvo læresveinar i veg og sagde til deim:
- 2 «Gakk inn i den grendi som ligg beint framfor dykk! Der finn de straks ei asna som stend bundi, og ein fole attmed henne; dei skal de løysa og leida hit til meg.
- 3 Og er det nokon som talar til dykk, so seg: «Herren treng um deim;» då sender han deim hit med ein gong.»
- 4 Dette hende av di det laut sannast det som er tala gjenom profeten, når han segjer:
- 5 «Seg til Sions dotter: Sjå, her kjem din konge til deg. Mjuk i åndi rid han på eit asen, folen åt eit klyvdyr.»
- 6 Læresveinarne gjekk og gjorde som Jesus hadde sagt.
- 7 Dei henta asna og folen, og lagde kjolarne sine på deim, og so sette han seg uppå.
- 8 Og størsteparten av folket breidde klædi sine på vegen; andre braut kvister av trei og strådde på vegen.
- 9 Og folkehoparne som gjekk fyre og fylgde etter, ropa: «Hosianna Davids son! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!»
- 10 Då han so drog inn i Jerusalem, vart det eit heilt oppstyr i byen; dei spurde: «Kven er dette?»
- 11 Og folkehoparne svara: «Det er profeten, Jesus frå Nasaret i Galilæa.»
- 12 So gjekk Jesus inn i Guds tempel og dreiv ut alle som handla i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkarne åt deim som selde duvor,
- 13 og sagde til deim: «Det stend skrive: «Mitt hus skal kallast eit bønehus,» men de gjer det til eit røvarbol.»
- 14 I templet kom det blinde og halte til honom, og han gjorde deim gode att.
- 15 Men då dei øvste prestarne og dei skriftlærde såg underi han gjorde, og høyrde borni som ropa i templet: «Hosianna Davids son!» so vart dei arge og sagde til honom:
- 16 «Høyrer du kva desse segjer?» «Ja!» svara han. «Hev de aldri lese: «Av småsveins mål og sogbarns låt hev du ein lovsong laga deg?»»
- 17 So gjekk han frå deim og ut or byen, til Betania, og var der med natti.
- 18 Då han gjekk inn til byen att um morgonen, vart han svolten.
- 19 Då fekk han sjå eit einsleg fiketre attmed vegen. Han gjekk der burt, men fann ’kje anna på treet enn lauv. Då sagde han til det: «Aldri i verdi skal det koma frukt på deg meir.» Og straks turka fiketreet.
- 20 Då læresveinarne såg det, undra dei seg og sagde: «Korleis kunde det hava seg at fiketreet turka so brått?»
- 21 Jesus svara: «Det segjer eg dykk for sant: Dersom de trur og ikkje tvilar, so skal de gjera større ting enn det med fiketreet, ja, um de so segjer til dette fjellet: «Lyft deg upp og kasta deg ut i havet!» so skal det verta so.
- 22 Og alt de bed um, skal de få, so sant de trur.»
- 23 So gjekk han inn i templet, og med han lærde folket, kom dei øvste prestarne og styresmennerne for lyden burt til honom og sagde: «Kva rett hev du til å gjera dette, og kven gav deg den retten?»
- 24 «No vil eg og spyrja dykk um ein ting,» sagde Jesus; «svarar de meg på det, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette:
- 25 Kvar var dåpen åt Johannes ifrå - frå himmelen eller frå menneskje?» Då sagde dei seg imillom: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom då ikkje?»
- 26 Og svarar me: «Frå menneskje,» då må me ræddast folket; for alle held Johannes for ein profet.»
- 27 So svara dei: «Det veit me ikkje.» «Då vil ikkje eg heller segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette,» svara Jesus.
- 28 «Men kva meiner de um det: Det var ein mann som hadde tvo søner. Han kom til den eine og sagde: «Gakk burt i vingarden, og arbeid der i dag, son min!»
- 29 «Nei, eg vil ikkje,» svara han, men sidan angra han på det og gjekk.
- 30 So kom faren til den andre, og sagde det same med honom. «Ja, herre, det skal eg,» svara han, men han gjekk ikkje.
- 31 Kven av dei tvo gjorde no det faren vilde?» «Den fyrste,» svara dei. Då sagde Jesus til deim: «Det segjer eg dykk for sant: Tollmenner og skjøkjor kjem fyrr inn i Gudsrike enn de.
- 32 For Johannes kom til dykk på rettferdsvegen, men de trudde honom ikkje. Tollmennerne og skjøkjorne dei trudde honom; men endå de såg det, kom de ikkje på andre tankar, og trudde honom ikkje då heller.
- 33 Høyr no ei onnor likning: Det var ein gong ein husbonde, som laga ein vingard, og sette gjerde kringum, og stelte til ei vinpersa, og bygde eit tårn; so leigde han hagen burt til brukarar og for ut or landet.
- 34 Då det no leid til at dei skulde hausta av hagen, sende han sveinarne sine til brukarane etter avlingi han skulde hava.
- 35 Men brukarane greip sveinarne hans: ein skamslo dei, og ein drap dei, og ein steina dei.
- 36 So sende han andre sveinar, fleire enn fyrste gongen; men dei gjorde like eins med deim.
- 37 Sist so sende han son sin til deim og sagde: «Dei hev no vel age for son min!»
- 38 Men då brukarane såg sonen, sagde dei seg imillom: «Sjå der er ervingen! Kom, lat oss slå honom i hel og eigna til oss arven hans!»
- 39 So tok dei honom og støytte honom ut or vingarden og slo honom i hel.
- 40 Når no vingardseigaren kjem, kva skal han då gjera med desse brukarane?»
- 41 «Med vondt skal han løna desse vonde mennerne,» svara dei; «han skal gjera ende på deim, og vingarden skal han leiga burt til andre brukarar, som gjev han avlingi i rette tid.»
- 42 Då sagde Jesus til dei: «Hev de aldri lese i skrifterne: «Den steinen som byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein; D’er Herren sjølv som so hev gjort det; for oss er det eit under stort?»
- 43 Difor segjer eg dykk at Gudsriket skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei frukterne som høyrer til der.
- 44 Og den som fell på steinen, han skal slå seg sund, men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.»
- 45 Då dei øvste prestarne og farisæarane høyrde likningarne hans, skyna dei at det var deim han tala um.
- 46 Og dei tenkte på å gripa honom, men torde ikkje for folket; for dei heldt honom for ein profet.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗