마태복음 22장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 46절
- 1 So tok Jesus til ords att og sagde dei ei onnor likning:
- 2 «Himmelriket kann liknast med ein konge som gjorde bryllaup åt son sin.
- 3 Han sende ut sveinarne sine, og kalla deim som var bedne til bryllaups; men dei vilde ikkje koma.
- 4 So sende han andre sveinar og sagde: «Seg til deim som er bedne: «No hev eg stelt til bryllaupsmaten; uksane mine og gjødfeet er slagta, og alt er ferdigt. Kom no til bryllaups!»»
- 5 Men dei brydde seg ikkje um det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambudi si;
- 6 og dei hine greip sveinarne hans, og skamførde deim og drap deim.
- 7 Då vart kongen harm. Han sende ut herarne sine og gjorde ende på dråpsmennerne og brende upp byen deira.
- 8 So sagde han til sveinarne sine: «Alt er ferdigt til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det.
- 9 Gakk no ut på vegar og vegskil og bed til bryllaups alle deim de finn!»
- 10 So gjekk sveinarne ut på vegarne og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaups-stova vart full av gjester.
- 11 Då so kongen kom inn og vilde sjå gjesterne, vart han var ein som ikkje var bryllaupsklædd.
- 12 Han segjer til honom: «Kjære, korleis hev du kome inn her og er ikkje bryllaupsklædd?» Men han kunde ingen ting svara.
- 13 Då sagde kongen til bordsveinarne: «Bitt hender og føter på honom, og kasta honom ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!»
- 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
- 15 Då gjekk farisæarane burt og lagde råd um korleis dei skulde få fanga honom i ord.
- 16 Dei sende læresveinarne sine til honom i lag med Herodes-mennerne og let deim segja: «Meister, me veit du er ærleg, og det er sanning det du lærer oss um Guds veg, og du bryr deg ikkje um nokon; for du gjer ikkje skil på folk.
- 17 Seg oss no: Kva meiner du? Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?»
- 18 Men Jesus skyna den vonde meiningi deira og sagde: «Kvi freistar de meg, hyklarar?
- 19 Lat meg sjå skattemynti!» So flidde dei honom ein sylvpening.
- 20 «Kva er dette for eit bilæte og namn?» spurde han.
- 21 «Det er keisarens,» svara dei. Då sagde han til deim: «So gjev keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!»
- 22 Då dei høyrde det, undra dei seg og gjekk burt ifrå honom.
- 23 Same dagen kom det nokre sadducæarar til honom - det er dei som segjer at det ikkje er nokor uppstoda - dei sette fram eit spursmål for honom og sagde:
- 24 «Meister, Moses hev sagt: «Når ein mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.»
- 25 No var det sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, og døydde; han hadde ikkje born, og let etter seg kona si til broren.
- 26 Like eins den andre og den tridje, radt til den sjuande.
- 27 Etter deim alle døydde kona.
- 28 Kven av dei sju skal no ho høyra til i eit anna liv? For dei hev havt henne alle.»
- 29 Jesus svara: «De fer vilt, av di de ikkje kjenner skrifterne og ikkje Guds magt.
- 30 For i eit anna liv er det ingen som gifter seg eller vert burtgift; dei er som Guds englar i himmelen.
- 31 Men at dei avlidne skal standa upp att, hev de ’kje lese kva Gud hev tala til dykk um det, når han segjer:
- 32 «Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud?» Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande.»
- 33 Då folket høyrde det, vart dei reint upp i under yver læra hans.
- 34 So snøgt som farisæarane fekk høyra at han hadde målbunde sadducæarane, samla dei seg kringum honom,
- 35 og ein av deim, som var kunnig i lovi, vilde freista honom og spurde:
- 36 «Meister, kva bod er det største i lovi?»
- 37 Han svara: «»Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og av all din hug og av alt ditt vit!»
- 38 Det er det største og fyrste bodet.
- 39 Men det er eit anna som likjest det, og det er: «Du skal elska næsten din som deg sjølv!»
- 40 På desse tvo bodi kviler heile lovi og profetarne.»
- 41 Med farisæarane var samla, spurde Jesus deim åt:
- 42 «Kva trur de um Messias? Kven er han son åt?» «Åt David,» svara dei.
- 43 Då sagde han: «Korleis kann då David i Anden kalla honom herre, når han segjer:
- 44 «Herren sagde til herren min: «Sit ved høgre handi mi, til eg dine fiendar fær for dine føter lagt!»»
- 45 Kallar no David honom herre, korleis kann han då vera son hans?»
- 46 Men ingen kunde svara honom eit ord. Og ingen torde etter den dag koma med fleire spursmål til honom.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗