마태복음 20장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 34절
- 1 For himmelriket kann liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg um morgonen og vilde leiga arbeidsfolk til vingarden sin.
- 2 Han vart samd med arbeidsfolki um ei mark for dagen, og sende deim burt i vingarden.
- 3 So gjekk han ut ikring den tridje timen, og fekk sjå nokre andre som stod gjerandslause på torget.
- 4 Han sagde til deim: «Gakk de og burt i vingarden, og det som rett er, skal de få.» So gjekk dei.
- 5 Sidan gjekk han ut ikring den sette og niande timen og gjorde like eins.
- 6 Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att, og fann endå nokre som stod der. Han segjer til dei: «Kvi stend de her arbeidslause heile dagen?»
- 7 «Av di ingen hev leigt oss,» svara dei. «Gakk de og burt i vingarden!» sagde han då.
- 8 Um kvelden sagde vingardseigaren til hushaldaren sin: «Ropa inn arbeidsfolket, og lat deim få løni si! Tak til med dei siste, og haldt fram til dei fyrste!»
- 9 So kom dei som var leigde kring den ellevte timen, og fekk ei mark kvar.
- 10 Då dei fyrste kom, tenkte dei at dei skulde få meir; men dei fekk og kvar si mark;
- 11 då dei fekk den, mukka dei mot husbonden og sagde:
- 12 «Desse siste hev ’kje arbeidt meir enn ein time, og so gjev du deim likt med oss, som hev slite og sveitta heile dagen!»
- 13 Då svara han ein av deim: «Eg gjer deg ikkje urett, venen min. Var me ’kje samde um ei mark?
- 14 Tak du ditt og gakk! Men eg hev hug til å gjeva denne siste likso mykje som deg.
- 15 Hev eg ’kje lov til å gjera med mitt som eg vil? Eller ser du ilt til det at eg gjer vel?»
- 16 Soleis skal dei siste vera dei fyrste, og dei fyrste dei siste; for mange er kalla, men få utvalde.»
- 17 Med Jesus var på vegen til Jerusalem, tok han dei tolv læresveinarne til sides og sagde til deim:
- 18 «No fer me upp til Jerusalem, og Menneskjesonen skal gjevast i henderne på dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og dei kjem til å døma honom frå livet
- 19 og gjeva honom yver til heidningarne, so dei skal spotta og hudfletta og krossfesta honom; men tridje dagen skal han standa upp att.»
- 20 Då kom mor åt Sebedæus-sønerne til honom med sønerne sine, og fall på kne og bad honom um noko.
- 21 «Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Seg at desse tvo sønerne mine skal få sitja innmed deg i riket ditt, den eine på di høgre og den andre på di vinstre sida!»
- 22 «De veit ikkje kva de bed um,» sagde Jesus. «Kann de drikka den skåli som eg lyt drikka?» «Ja, det kann me,» svara dei.
- 23 Då sagde han: «Mi skål skal de nok drikka, men sæte ved mi høgre og vinstre sida kann ikkje eg gjeva nokon; det lyt dei få som far min hev etla det åt.»
- 24 Då dei ti høyrde det, vart dei harme på dei tvo brørne.
- 25 Då kalla Jesus deim kring seg og sagde: «De veit at fyrstarne råder yver folki sine, og dei store hev velde yver deim.
- 26 Men so skal det ikkje vera hjå dykk; den som vil verta stor millom dykk, lyt tena dei andre,
- 27 og den som vil vera den fyrste av dykk, lyt vera træl for dei andre.
- 28 Menneskjesonen er ’kje heller komen for å tenast, men for å tena og gjeva livet sitt til løysepening for mange.»
- 29 Då dei tok ut frå Jeriko, fylgde det mykje folk med honom.
- 30 Attmed vegen sat det tvo blinde, og då dei høyrde at Jesus for framum, ropa dei: «Gjer sælebot på oss, Herre, du Davids son!»
- 31 Folket truga deim, og sagde dei skulde tegja; men dei ropa endå meir: «Herre, gjer sælebot på oss, du som er Davids son!»
- 32 Då stana Jesus og ropa på deim og sagde: «Kva vil de eg skal gjera for dykk?»
- 33 «Herre, lat oss få att syni!» svara dei.
- 34 Jesus tykte synd i deim og tok burtpå augo deira; og med ein gong kunde dei sjå, og dei fylgde honom.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗