로그인

마태복음 19장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 30절 · 대역: King James Version

절Studentmållagsbibelen frå 1921King James Version
1 Då Jesus hadde tala desse ordi, bar det so til at han tok ut frå Galilæa og for til Juda-bygderne. Han lagde vegen gjenom landet på hi sida Jordan; And it came to pass, that when Jesus had finished these sayings, he departed from Galilee, and came into the coasts of Judea beyond Jordan;
2 mykje folk fylgde honom der, og han lækte deim. And great multitudes followed him; and he healed them there.
3 Då kom farisæarane til honom, og vilde freista honom og sagde: «Tru ein mann hev lov til å skilja seg frå kona si, kva orsak han tykkjest hava?» The Pharisees also came unto him, tempting him, and saying unto him, Is it lawful for a man to put away his wife for every cause?
4 Han svara: «Hev de ’kje lese at skaparen alt ifrå det fyrste skapte deim mann og kvinna, And he answered and said unto them, Have ye not read, that he which made them at the beginning made them male and female,
5 og sagde: «Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt?» And said, For this cause shall a man leave father and mother, and shall cleave to his wife: and they twain shall be one flesh?
6 So er dei då ikkje lenger tvo, men eitt kjøt, og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja.» Wherefore they are no more twain, but one flesh. What therefore God hath joined together, let not man put asunder.
7 Segjer dei til honom: «Kvi sagde då Moses at mannen skulde gjeva kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?» They say unto him, Why did Moses then command to give a writing of divorcement, and to put her away?
8 «For dykkar harde hjarto skuld gav Moses dykk lov til å skiljast frå konorne dykkar,» svara han, «men frå det fyrste hev det ikkje vore so. He saith unto them, Moses because of the hardness of your hearts suffered you to put away your wives: but from the beginning it was not so.
9 Og det segjer eg dykk, at den som skil seg frå kona si for anna enn utruskap, og gifter seg med ei onnor, han gjer hor.» And I say unto you, Whosoever shall put away his wife, except it be for fornication, and shall marry another, committeth adultery: and whoso marrieth her which is put away doth commit adultery.
10 Då sagde læresveinarne til honom: «Er det den retten som gjeld millom mann og kona, då er det ikkje godt å gifta seg.» His disciples say unto him, If the case of the man be so with his wife, it is not good to marry.
11 Han svara: «Det er noko som ikkje alle kann læra, men berre dei som hev fenge gåva til det; But he said unto them, All men cannot receive this saying, save they to whom it is given.
12 for det finst gjeldingar som er fødde so av morsliv, og det finst gjeldingar som folk hev gjeldt, og det finst gjeldingar som hev gjeldt seg sjølve for himmelriket skuld. Lat deim skyna det dei som kann!» For there are some eunuchs, which were so born from their mother’s womb: and there are some eunuchs, which were made eunuchs of men: and there be eunuchs, which have made themselves eunuchs for the kingdom of heaven’s sake. He that is able to receive it, let him receive it.
13 So bar dei småborn til honom, og bad han vilde leggja henderne på deim og beda for deim. Læresveinarne truga deim, Then were there brought unto him little children, that he should put his hands on them, and pray: and the disciples rebuked them.
14 men Jesus sagde: «Lat småborni vera, og hindra deim ikkje å koma til meg! For himmelriket høyrer sovorne til.» But Jesus said, Suffer little children, and forbid them not, to come unto me: for of such is the kingdom of heaven.
15 Og han lagde henderne på deim, og for so derifrå. And he laid his hands on them, and departed thence.
16 Då kom det ein til honom og sagde: «Meister, kva godt skal eg gjera so eg kann få eit æveleg liv?» And, behold, one came and said unto him, Good Master, what good thing shall I do, that I may have eternal life?
17 «Kvi spør du meg um det som er godt?» svara han. «Det er berre ein som er god. Men vil du ganga inn til livet, so haldt bodi!» And he said unto him, Why callest thou me good? there is none good but one, that is, God: but if thou wilt enter into life, keep the commandments.
18 «Kva for bod?» spurde han. «Desse,» svara Jesus: «Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! He saith unto him, Which? Jesus said, Thou shalt do no murder, Thou shalt not commit adultery, Thou shalt not steal, Thou shalt not bear false witness,
19 Du skal æra far din og mor di! Du skal elska grannen din som deg sjølv!» Honour thy father and thy mother: and, Thou shalt love thy neighbour as thyself.
20 «Alt det hev eg halde,» segjer den unge mannen; «kva er det då som vantar meg?» The young man saith unto him, All these things have I kept from my youth up: what lack I yet?
21 Jesus svara: «Vil du vera fullkomen, so tak og sel det du eig, og gjev det til dei fatige! då skal du få ein skatt i himmelen; og kom so og fylg meg!» Jesus said unto him, If thou wilt be perfect, go and sell that thou hast, and give to the poor, and thou shalt have treasure in heaven: and come and follow me.
22 Då den unge mannen høyrde det, vart han ille ved, og gjekk burt; for han hadde mykje gods. But when the young man heard that saying, he went away sorrowful: for he had great possessions.
23 Då sagde Jesus til læresveinarne sine: «Det segjer eg dykk for sant: Det er vandt for ein rik å koma inn i himmelriket. Then said Jesus unto his disciples, Verily I say unto you, That a rich man shall hardly enter into the kingdom of heaven.
24 Ja, eg segjer dykk: Ein kamel kjem lettare gjenom eit nålauga enn ein rik kjem inn i Guds rike.» And again I say unto you, It is easier for a camel to go through the eye of a needle, than for a rich man to enter into the kingdom of God.
25 Då læresveinarne høyrde det, vart dei reint forfærde og sagde: «Kven kann då verta frelst?» When his disciples heard it, they were exceedingly amazed, saying, Who then can be saved?
26 Jesus såg på deim og sagde: «For menneskje er det umogelegt, men for Gud er alt mogelegt.» But Jesus beheld them, and said unto them, With men this is impossible; but with God all things are possible.
27 Då tok Peter til ords og sagde til honom: «Sjå, me hev gjeve ifrå oss alt og fylgt deg; kva skal då me få?» Then answered Peter and said unto him, Behold, we have forsaken all, and followed thee; what shall we have therefore?
28 Og Jesus svara: «Det segjer eg dykk for sant: Når alt vert nytt, og Menneskjesonen sit i sin glimande kongsstol, då skal de og, som hev fylgt meg, sitja i tolv høgsete og styra dei tolv Israels-ætterne. And Jesus said unto them, Verily I say unto you, That ye which have followed me, in the regeneration when the Son of man shall sit in the throne of his glory, ye also shall sit upon twelve thrones, judging the twelve tribes of Israel.
29 Og kvar som hev skilt seg med hus eller brør eller syster eller far eller mor eller born eller gardar for mitt namn skuld, han skal få det att mange gonger og erva eit ævelegt liv. And every one that hath forsaken houses, or brethren, or sisters, or father, or mother, or wife, or children, or lands, for my name’s sake, shall receive an hundredfold, and shall inherit everlasting life.
30 Men mange av dei fyrste skal vera dei siste, og mange av dei siste dei fyrste. But many that are first shall be last; and the last shall be first.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL