마태복음 18장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 35절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | I same bilet kom læresveinarne til Jesus og spurde: «Kven er no den største i himmelriket?» | At the same time came the disciples unto Jesus, saying, Who is the greatest in the kingdom of heaven? |
| 2 | Då kalla han til seg eit lite barn, og sette det midt imillom deim | And Jesus called a little child unto him, and set him in the midst of them, |
| 3 | og sagde: «Det segjer eg dykk for sant: Vender de ’kje um, og vert som borni, so kjem de aldri inn i himmelriket. | And said, Verily I say unto you, Except ye be converted, and become as little children, ye shall not enter into the kingdom of heaven. |
| 4 | Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket; | Whosoever therefore shall humble himself as this little child, the same is greatest in the kingdom of heaven. |
| 5 | og den som tek imot eitt sovore barn i mitt namn, han tek imot meg. | And whoso shall receive one such little child in my name receiveth me. |
| 6 | Men den som freistar nokon av desse små som trur på meg, han var betre faren dei hadde hengt ein kvernstein um halsen på honom og søkkt honom ned i djupaste havet. | But whoso shall offend one of these little ones which believe in me, it were better for him that a millstone were hanged about his neck, and that he were drowned in the depth of the sea. |
| 7 | Ve yver verdi for freistingarne hennar! Freistingar lyt det koma, men ve yver den som freistingi kjem frå! | Woe unto the world because of offences! for it must needs be that offences come; but woe to that man by whom the offence cometh! |
| 8 | Um handi di eller foten din freistar deg, so hogg deim av og kasta deim frå deg! Det er betre for deg å ganga einhendt eller halt inn til livet enn å hava tvo hender og tvo føter og kastast i den ævelege elden. | Wherefore if thy hand or thy foot offend thee, cut them off, and cast them from thee: it is better for thee to enter into life halt or maimed, rather than having two hands or two feet to be cast into everlasting fire. |
| 9 | Og um auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Det er betre for deg å ganga einøygd inn til livet enn å hava tvo augo og kastast i helveteselden. | And if thine eye offend thee, pluck it out, and cast it from thee: it is better for thee to enter into life with one eye, rather than having two eyes to be cast into hell fire. |
| 10 | Agta dykk at de ikkje vanvyrder nokon av desse små! for eg segjer dykk at englarne deira i himmelen allstødt fær sjå åsyni åt far min i himmelen. | Take heed that ye despise not one of these little ones; for I say unto you, That in heaven their angels do always behold the face of my Father which is in heaven. |
| 11 | For Menneskjesonen er komen for å frelsa det som var fortapt. | For the Son of man is come to save that which was lost. |
| 12 | Kva trur de? - Um ein mann hev hundrad sauer, og ein av deim villar seg burt, let han ’kje då dei ni og nitti ganga lause i fjellet og tek ut og leitar etter den som fer vilt? | How think ye? if a man have an hundred sheep, and one of them be gone astray, doth he not leave the ninety and nine, and goeth into the mountains, and seeketh that which is gone astray? |
| 13 | og hender det at han finn honom, då segjer eg dykk for visst: Han gleder seg meir yver honom enn yver dei ni og nitti som ikkje hev villa seg burt. | And if so be that he find it, verily I say unto you, he rejoiceth more of that sheep, than of the ninety and nine which went not astray. |
| 14 | Soleis vil ikkje heller far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast. | Even so it is not the will of your Father which is in heaven, that one of these little ones should perish. |
| 15 | Hev bror din synda imot deg, so gakk til honom og tala honom til rettes på tvomannshand! Høyrer han på deg, so hev du vunne bror din; | Moreover if thy brother shall trespass against thee, go and tell him his fault between thee and him alone: if he shall hear thee, thou hast gained thy brother. |
| 16 | men vil han ikkje høyra, so tak med deg endå ein eller tvo, so kvar ting kann provast med tvo eller tri manns vitnemål. | But if he will not hear thee, then take with thee one or two more, that in the mouth of two or three witnesses every word may be established. |
| 17 | Høyrer han ikkje på deim, so seg det til kyrkjelyden! Og høyrer han ikkje på kyrkjelyden heller, då skal han vera som ein heidning og tollmann for deg. | And if he shall neglect to hear them, tell it unto the church: but if he neglect to hear the church, let him be unto thee as an heathen man and a publican. |
| 18 | Det segjer eg dykk for sant: Alt det de bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen. | Verily I say unto you, Whatsoever ye shall bind on earth shall be bound in heaven: and whatsoever ye shall loose on earth shall be loosed in heaven. |
| 19 | Sameleis segjer eg dykk: Alt det som tvo av dykk her på jordi er samde um å beda um, det skal dei få av far min i himmelen. | Again I say unto you, That if two of you shall agree on earth as touching any thing that they shall ask, it shall be done for them of my Father which is in heaven. |
| 20 | For der som tvo eller tri er samla i mitt namn, der er eg midt imillom deim.» | For where two or three are gathered together in my name, there am I in the midst of them. |
| 21 | Då gjekk Peter fram og sagde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgjeva bror min når han hev synda imot meg - so mykje som sju gonger?» | Then came Peter to him, and said, Lord, how oft shall my brother sin against me, and I forgive him? till seven times? |
| 22 | Jesus svara: «Ikkje sju gonger, segjer eg deg, men sytti gonger sju gonger.» | Jesus saith unto him, I say not unto thee, Until seven times: but, Until seventy times seven. |
| 23 | For himmelriket kann liknast med ein konge som vilde gjera upp rekneskapen med tenarane sine. | Therefore is the kingdom of heaven likened unto a certain king, which would take account of his servants. |
| 24 | Då han no tok til med uppgjerdi, førde dei fram for honom ein som var skuldig ti millionar dalar. | And when he had begun to reckon, one was brought unto him, which owed him ten thousand talents. |
| 25 | Men han hadde ’kje noko å greida det med. So sagde herren hans at han skulde seljast, både han og kona hans og borni og alt det han åtte, so gjelda kunde greidast. | But forasmuch as he had not to pay, his lord commanded him to be sold, and his wife, and children, and all that he had, and payment to be made. |
| 26 | Då fall tenaren på kne for honom og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det alt saman!» | The servant therefore fell down, and worshipped him, saying, Lord, have patience with me, and I will pay thee all. |
| 27 | Og herren tykte synd i tenaren sin og gav honom fri, og ettergav honom skuldi. | Then the lord of that servant was moved with compassion, and loosed him, and forgave him the debt. |
| 28 | Då den same tenaren kom ut att, møtte han ein av dei andre tenarane, som var skuldig honom tjuge dalar, og han greip honom og vilde strøypa honom, og sagde: «Kom med det du er skuldig!» | But the same servant went out, and found one of his fellowservants, which owed him an hundred pence: and he laid hands on him, and took him by the throat, saying, Pay me that thou owest. |
| 29 | Då fall den andre på kne og bad for seg og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det!» | And his fellowservant fell down at his feet, and besought him, saying, Have patience with me, and I will pay thee all. |
| 30 | Men han vilde ikkje; han tok og sette medtenaren sin i fengsel; der skulde han sitja til skuldi var greidd. | And he would not: but went and cast him into prison, till he should pay the debt. |
| 31 | Då dei andre tenarane såg kva som gjekk fyre seg, vart dei ille ved; og dei gjekk til herren sin, og fortalde honom alt det som var hendt. | So when his fellowservants saw what was done, they were very sorry, and came and told unto their lord all that was done. |
| 32 | Då kalla herren honom fyre seg og sagde til honom: «Du vonde tenar! Heile den store skuldi di gav eg deg etter då du bad meg! | Then his lord, after that he had called him, said unto him, O thou wicked servant, I forgave thee all that debt, because thou desiredst me: |
| 33 | Skulde so ’kje du og ha vore mild imot medtenaren din, som eg var imot deg!» | Shouldest not thou also have had compassion on thy fellowservant, even as I had pity on thee? |
| 34 | Og herren hans vart harm og gav honom yver til fangevaktarane, so dei skulde pina honom til han hadde greidt all skuldi. | And his lord was wroth, and delivered him to the tormentors, till he should pay all that was due unto him. |
| 35 | So skal og far min i himmelen gjera med dykk, når de ikkje av hjarta tilgjev kvarandre. | So likewise shall my heavenly Father do also unto you, if ye from your hearts forgive not every one his brother their trespasses. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL