마태복음 18장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 35절
- 1 I same bilet kom læresveinarne til Jesus og spurde: «Kven er no den største i himmelriket?»
- 2 Då kalla han til seg eit lite barn, og sette det midt imillom deim
- 3 og sagde: «Det segjer eg dykk for sant: Vender de ’kje um, og vert som borni, so kjem de aldri inn i himmelriket.
- 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket;
- 5 og den som tek imot eitt sovore barn i mitt namn, han tek imot meg.
- 6 Men den som freistar nokon av desse små som trur på meg, han var betre faren dei hadde hengt ein kvernstein um halsen på honom og søkkt honom ned i djupaste havet.
- 7 Ve yver verdi for freistingarne hennar! Freistingar lyt det koma, men ve yver den som freistingi kjem frå!
- 8 Um handi di eller foten din freistar deg, so hogg deim av og kasta deim frå deg! Det er betre for deg å ganga einhendt eller halt inn til livet enn å hava tvo hender og tvo føter og kastast i den ævelege elden.
- 9 Og um auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Det er betre for deg å ganga einøygd inn til livet enn å hava tvo augo og kastast i helveteselden.
- 10 Agta dykk at de ikkje vanvyrder nokon av desse små! for eg segjer dykk at englarne deira i himmelen allstødt fær sjå åsyni åt far min i himmelen.
- 11 For Menneskjesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
- 12 Kva trur de? - Um ein mann hev hundrad sauer, og ein av deim villar seg burt, let han ’kje då dei ni og nitti ganga lause i fjellet og tek ut og leitar etter den som fer vilt?
- 13 og hender det at han finn honom, då segjer eg dykk for visst: Han gleder seg meir yver honom enn yver dei ni og nitti som ikkje hev villa seg burt.
- 14 Soleis vil ikkje heller far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.
- 15 Hev bror din synda imot deg, so gakk til honom og tala honom til rettes på tvomannshand! Høyrer han på deg, so hev du vunne bror din;
- 16 men vil han ikkje høyra, so tak med deg endå ein eller tvo, so kvar ting kann provast med tvo eller tri manns vitnemål.
- 17 Høyrer han ikkje på deim, so seg det til kyrkjelyden! Og høyrer han ikkje på kyrkjelyden heller, då skal han vera som ein heidning og tollmann for deg.
- 18 Det segjer eg dykk for sant: Alt det de bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.
- 19 Sameleis segjer eg dykk: Alt det som tvo av dykk her på jordi er samde um å beda um, det skal dei få av far min i himmelen.
- 20 For der som tvo eller tri er samla i mitt namn, der er eg midt imillom deim.»
- 21 Då gjekk Peter fram og sagde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgjeva bror min når han hev synda imot meg - so mykje som sju gonger?»
- 22 Jesus svara: «Ikkje sju gonger, segjer eg deg, men sytti gonger sju gonger.»
- 23 For himmelriket kann liknast med ein konge som vilde gjera upp rekneskapen med tenarane sine.
- 24 Då han no tok til med uppgjerdi, førde dei fram for honom ein som var skuldig ti millionar dalar.
- 25 Men han hadde ’kje noko å greida det med. So sagde herren hans at han skulde seljast, både han og kona hans og borni og alt det han åtte, so gjelda kunde greidast.
- 26 Då fall tenaren på kne for honom og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det alt saman!»
- 27 Og herren tykte synd i tenaren sin og gav honom fri, og ettergav honom skuldi.
- 28 Då den same tenaren kom ut att, møtte han ein av dei andre tenarane, som var skuldig honom tjuge dalar, og han greip honom og vilde strøypa honom, og sagde: «Kom med det du er skuldig!»
- 29 Då fall den andre på kne og bad for seg og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det!»
- 30 Men han vilde ikkje; han tok og sette medtenaren sin i fengsel; der skulde han sitja til skuldi var greidd.
- 31 Då dei andre tenarane såg kva som gjekk fyre seg, vart dei ille ved; og dei gjekk til herren sin, og fortalde honom alt det som var hendt.
- 32 Då kalla herren honom fyre seg og sagde til honom: «Du vonde tenar! Heile den store skuldi di gav eg deg etter då du bad meg!
- 33 Skulde so ’kje du og ha vore mild imot medtenaren din, som eg var imot deg!»
- 34 Og herren hans vart harm og gav honom yver til fangevaktarane, so dei skulde pina honom til han hadde greidt all skuldi.
- 35 So skal og far min i himmelen gjera med dykk, når de ikkje av hjarta tilgjev kvarandre.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗