마태복음 17장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 27절
- 1 Seks dagar etter tok Jesus Peter og Jakob og Johannes, bror hans, med seg upp på eit høgt fjell, og der var dei åleine.
- 2 Då vart han forklåra for augo deira: andlitet hans skein som soli, og klædi var kvite som ljoset.
- 3 Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med honom.
- 4 Då tok Peter til ords og sagde til Jesus: «Herre, det er godt at me er her! Vil du, so skal eg gjera tri hyttor her, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia.»
- 5 Fyrr han hadde tala ut, kom det ei ljos sky og skygde yver deim, og or skyi kom det ei røyst som sagde: «Dette er son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i. Høyr på honom!»
- 6 Då læresveinarne høyrde det, kasta dei seg å gruve og var ovleg rædde.
- 7 Jesus gjekk burt åt deim og tok i deim og sagde: «Reis dykk upp, og ver ikkje rædde!»
- 8 Men då dei såg upp, vart dei ’kje vare nokon utan Jesus åleine.
- 9 So gjekk dei ned av fjellet, og Jesus sagde til deim: «Tala ikkje til nokon um den syni de hev havt, fyrr Menneskjesonen hev stade upp frå dei daude!»
- 10 Då spurde læresveinarne: «Kvi segjer då dei skriftlærde at fyrst lyt Elia koma?»
- 11 Han svara: «Elia kjem nok, og skal setja alt i rett lag att,
- 12 men eg segjer dykk: Elia er alt komen, og dei kjendest ikkje ved honom, men for åt med honom som dei vilde; like eins kjem dei til å fara med Menneskjesonen.»
- 13 Då skyna dei at det var Johannes døyparen han tala til deim um.
- 14 Då dei hadde nått fram til folket, kom det ein mann og fall på kne for honom og sagde:
- 15 «Herre, gjer sælebot på son min! Han hev nedfallsotti og lid mykje vondt; tidt fell han i elden, og tidt i vatnet.
- 16 Eg hev vore til læresveinarne dine med honom, men dei kunde ikkje gjera honom god att.»
- 17 Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune og rangsnudde ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg tola dykk? Kom hit til meg med honom!»
- 18 So tala Jesus strengt til honom; då for den vonde åndi utor guten, og han vart god att i same stundi.
- 19 Då Jesus hadde vorte åleine, kom læresveinarne til honom og sagde: «Kvi kunde ikkje me driva den åndi ut?»
- 20 «Av di de er so vantrune,» svara han; «for det segjer eg dykk for sant: Hev de tru, um ho ikkje er større enn eit senapskorn, so kann de segja til dette fjellet: «Flyt deg herifrå og dit!» - då skal det flytja seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk.
- 21 Men dette slaget gjeng ikkje ut, utan med bøn og fasta.»
- 22 Med dei ferdast kring i Galilæa, sagde Jesus til deim: «Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender,
- 23 og dei skal drepa honom, men tridje dagen skal han standa upp att.» Då vart dei ovleg sorgfulle.
- 24 Då dei var komne til Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, til Peter og sagde: «Legg ikkje meisteren dykkar skatt til templet?»
- 25 «Jau,» segjer han. So gjekk han inn i huset, og fyrr han fekk sagt noko, spurde Jesus: «Kva meiner du, Simon? Kven tek kongarne på jordi toll eller skatt av - av borni sine eller av framande?»
- 26 «Av framande,» svara Peter. «So er borni skattefrie då,» sagde Jesus.
- 27 «Men me vil ikkje arga deim - gakk ned til sjøen og kasta ut kroken, og grip den fyrste fisken som kjem upp! Når du so opnar gapet på honom, skal du finna ein stater; tak den og gjev deim for meg og deg!»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗