마태복음 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 28절
- 1 Då kom farisæarane og sadducæarane og freista honom, og bad at han vilde lata deim få sjå eit teikn frå himmelen.
- 2 Han svara: «Um kvelden segjer de: «Det vert godt ver; for himmelen er raud,»
- 3 og um morgonen: «I dag vert det uver; for himmelen er raud og myrk.» Himmelsbragdi veit de å døma um, men tidarteikni kann de ikkje tyda.
- 4 Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ’kje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg ifrå deim og gjekk burt.
- 5 Då dei so for yver til hi sida, gløymde læresveinarne å taka brød med seg.
- 6 So sagde Jesus til deim: «Sjå til at de tek dykk i vare for farisæar- og sadducæar-surdeigen!»
- 7 Då sagde dei seg imillom: «Det er av di me ikkje tok brød med oss!»
- 8 Jesus gådde det og sagde: «Kvi talar de dykk imillom um det at de ikkje hev brød med, de fåtruande?
- 9 Hev de endå so lite vit? Kjem de ikkje i hug dei fem brødleivarne til dei fem tusund mann, og kor mange korger de fekk att,
- 10 og ikkje dei sju leivarne til dei fire tusund, og kor mange korger de då fekk att?
- 11 Kann de då ’kje skyna at det ikkje var brød eg tala til dykk um? Men agta dykk for farisæar- og sadducæar-surdeigen!»
- 12 Då skyna dei at det ikkje var surdeigen i brødet han hadde meint, men læra åt farisæarane og sadducæarane.
- 13 Då Jesus var komen til bygderne kring Cæsarea Filippi, spurde han læresveinarne sine: «Kven segjer folk at Menneskjesonen er?»
- 14 Dei svara: «Sume segjer: «Johannes døyparen,» andre: «Elia», endå andre: «Jeremia eller ein annan av profetarne.»»
- 15 «Kven segjer då de at eg er?» spurde han.
- 16 Då tok Simon Peter til ords og sagde: «Du er Messias, den livande Guds Son.»
- 17 Og Jesus sagde til honom: «Sæl er du, Simon Jonason! for det er ikkje kjøt og blod som hev lært deg det, men far min i himmelen.
- 18 Og no segjer eg deg at du er Peter; yver den steinen vil eg byggja mi kyrkja, og helheimsportarne skal ikkje vinna yver henne.
- 19 Eg vil gjeva deg lyklarne til himmelriket; det som du bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og det som du løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.»
- 20 So forbaud han læresveinarne å segja det med nokon at han var Messias.
- 21 Frå den tidi tok Jesus til å syna læresveinarne at han laut fara til Jerusalem og tola mykje vondt av styresmennerne og dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og at dei kom til å drepa honom, men tridje dagen skulde han standa upp att.
- 22 Peter tok honom til sides og for til å telja for honom og sagde: «Hjelpe deg Gud, Herre! Slikt må aldri henda deg!»
- 23 Då snudde han seg imot Peter og sagde: «Gakk utor augo mine, Satan! Du er meg eit styggje, for du hev ’kje ans for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskjevilje.»
- 24 Same gongen sagde Jesus til læresveinarne sine: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv, og taka krossen sin upp og fylgja etter meg.
- 25 For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, skal finna det.
- 26 Kva batar det eit menneskje, um han vinn heile verdi, men taper sjæli si? Eller kva hev menneskjet å gjeva i byte for sjæli si?
- 27 For Menneskjesonen skal koma i herlegdomen åt far sin med englarne sine, og då skal han gjeva kvar og ein lika for det dei hev gjort.
- 28 Det segjer eg dykk for visst: Sume av dei som stend her, skal ikkje smaka dauden fyrr dei hev set Menneskjesonen koma i sitt kongelege velde.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗