마태복음 15장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 39절
- 1 So kom det nokre farisæarar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sagde:
- 2 «Kvi bryt læresveinarne dine dei skikkarne me hev etter dei gamle? dei tvær ikkje henderne fyrr dei gjeng til bords!»
- 3 «Og de,» svara han, «kvi bryt de Guds bod for skikkarne dykkar skuld?
- 4 Gud hev sagt: «Du skal æra far din og mor di!» og: «Den som bannar far sin eller mor si, skal døy!»
- 5 Men de segjer: «Når ein talar so til far sin eller mor si: «Det som eg kunde ha hjelpt deg med, lyt eg gjeva til templet,» so tarv han ikkje æra foreldri sine.»
- 6 Soleis hev de gjort Guds bod um inkje for dykkar eigi læra skuld.
- 7 De hyklarar! Jesaja spådde sant um dykk då han sagde:
- 8 «Med lipporn’ lovar dei meg, denne lyden, men hugen deira er langt ifrå meg.
- 9 D’er liten mun i at dei meg vil æra, når dei lærer folk det som er mannebod.»»
- 10 So kalla han folket hitåt seg og sagde til deim: «Høyr etter, og tenk på det eg segjer!»
- 11 Det er ’kje det som kjem inn i munnen som gjer menneskja urein, men det som gjeng ut or munnen, det er det som gjer menneskja urein!
- 12 Då gjekk læresveinarne fram og sagde til honom: «Veit du at farisæarane vart arge då dei høyrde det du sagde?»
- 13 Han svara: «Kvar plante som ikkje far min i himmelen hev sett, skal rivast upp med rot.
- 14 Bry dykk ikkje um deim! Dei er blinde vegleidarar for blinde; og når ein blind leider ein blind, so dett dei båe i grefti.»
- 15 Då tok Peter til ords og sagde til honom: «Tyd oss den likningi di!»
- 16 «Hev de endå ikkje betre vit, de heller?» svara han.
- 17 «Skynar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, gjeng ned i magen, og fer ut der det skal?
- 18 Men det som gjeng ut or munnen, kjem frå hjarta, og det gjer menneskja urein;
- 19 for frå hjarta kjem vonde tankar: manndråp, egteskapsbrot, lauslivnad, tjuvskap, range vitnemål, gudsspotting.
- 20 Det er det som gjer menneskja urein; men å eta med utvegne hender gjer ikkje menneskja urein.
- 21 So for Jesus derifrå, og tok vegen burt til bygderne kring Tyrus og Sidon.
- 22 Då kom det ei kananæisk kona ut frå dei grenderne og ropa: «Herre, Davids son, gjer sælebot på meg! Dotter mi er so ille plåga av ei vond ånd.»
- 23 Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinarne fram og bad honom: «Kjære, få henne frå deg! Ho ropar so etter oss.»
- 24 «Det er berre dei forkomne sauerne av Israelshuset eg er send til,» svara han.
- 25 So kom ho og fall på kne for honom og sagde: «Herre, hjelp meg!»
- 26 Men han svara: «Det er ’kje vænt å taka brødet frå borni og kasta det for hund-ungarne.»
- 27 «Det er sant, Herre,» sagde ho, «men hund-ungarne et då av dei molarne som fell frå bordet åt herrarne deira.»
- 28 Då svara Jesus: «Stor er trui di, kona! Du skal få det som du vil.» Og dotter hennar vart god att i same stundi.
- 29 So for Jesus burt derifrå og kom til Galilæasjøen, og han gjekk upp i fjellet og sette seg der.
- 30 Då kom dei til honom i store flokkar, og hadde med seg halte og blinde og mållause og kryplingar og mange andre, og lagde deim ned for føterne hans, og han gjorde dei gode att,
- 31 so folket undra seg då dei såg at mållause tala, og kryplingar vart friske og føre, og halte gjekk ikring, og blinde såg; og dei lova Israels Gud.
- 32 Då kalla Jesus læresveinarne til seg og sagde: Eg tykkjer hjarteleg synd i folket; for no hev dei alt vore hjå meg i tri dagar, og dei hev ’kje noko å eta; og ikkje vil eg senda deim fastande frå meg; for då kunde dei ormegtast på vegen.»
- 33 Læresveinarne svara: «Kor skal me her i øydemarki få brød nok til å metta so stor ein hop?»
- 34 «Kor mykje brød hev de?» spurde Jesus. «Sju leivar,» sagde dei, «og nokre få småfiskar.»
- 35 Då let han folket setja seg ned på marki,
- 36 og han tok dei sju leivarne og fiskarne, og takka, og bytte deim sund og gav det til læresveinarne, og læresveinarne gav det til folket.
- 37 Då alle hadde ete og var mette, samla dei upp dei stykki som att var; det var sju fulle korger.
- 38 Og det var fire tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born.
- 39 Sidan bad Jesus farvel med folket, og steig ut i båten og for til Magadanbygdi.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗