마가복음 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마가복음 (Mark) · 35절
- 1 Då Jesus ein annan gong gjekk inn i ei synagoga, var der ein mann som hadde ei nomi hand,
- 2 og dei gjætte på honom um han vilde lækja mannen på kviledagen, so dei kunde få noko å klaga honom for.
- 3 Då sagde han til mannen med den nomne handi: «Reis deg upp og kom fram!»
- 4 Og til dei andre sagde han: «Er det rett å gjera godt på kviledagen eller å gjera vondt - berga eit liv eller drepa?» Dei tagde.
- 5 Då såg han rundt ikring på deim, både harm og sorgfull for di dei var so harde og stride. So sagde han til mannen: «Rett fram handi!» Då rette han henne fram, og handi hans vart like god att.
- 6 Men farisæarane gjekk ut og tok straks til å samråda seg med Herodes-mennerne korleis dei skulde få gjort ende på honom.
- 7 So for Jesus med læresveinarne sine burt til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilæa fylgde med; og frå Judaland
- 8 og Jerusalem og Idumea og bygderne på hi sida Jordan og kring Tyrus og Sidon kom dei til honom i flokketal, då dei høyrde um alt det han gjorde.
- 9 Då sagde han til læresveinarne at det skulde liggja ein båt ferdig til honom for folkemengdi skuld, so dei ikkje skulde trengja honom;
- 10 for han lækte mange, so alle som hadde eikor plåga, trengde seg innpå honom, og vilde få taka i honom.
- 11 Og kvar gong dei ureine ånderne såg honom, kasta dei seg ned for føterne hans og ropa: «Du er Guds Son!»
- 12 Men han forbaud deim både tidt og strengt å gjera honom kjend.
- 13 So gjekk han upp i fjellet, og kalla til seg deim han sjølv vilde, og dei kom til honom.
- 14 Og han valde ut tolv som skulde vera med honom, og som han vilde senda ut til å tala for folket,
- 15 og vilde gjeva magt til å driva ut djevlar.
- 16 Det var Simon - honom kalla han Peter -
- 17 og Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans Jakob - deim kalla han Boanerges, det er Toresveinarne -
- 18 og Andreas og Filip og Bartolomæus og Mattæus og Tomas og Jakob, son åt Alfæus, og Taddæus og Simon Kananæus
- 19 og Judas Iskariot, han som sidan sveik honom.
- 20 Med det same han kom heim, samla folket seg i hop att, so dei kunde ikkje ein gong få seg mat.
- 21 Då hans eige folk fekk høyra det, for dei heimantil og vilde få tak i honom; «han må vera frå vitet!» sagde dei.
- 22 Men dei skriftlærde som var komne ned frå Jerusalem, sagde: «Be’elsebul hev fare i honom! og: «Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper honom til å driva ut djevlar.»
- 23 Då kalla han deim til seg og tala til deim i likningar: «Korleis kann Satan driva ut Satan?»
- 24 Kjem eit rike i strid med seg sjølv, so kann det riket ikkje standa,
- 25 og kjem eit hus i strid med seg sjølv, so stend det huset ikkje med lag.
- 26 Set no Satan seg upp mot seg sjølv og kjem i strid med seg sjølv, so kann han ikkje standa seg; då er det ute med honom.
- 27 Men ingen kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana eignaluterne hans, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band; då kann han plundra huset.
- 28 Det segjer eg dykk for sant: Alt skal tilgjevast menneskjeborni, både synder og spottord, kor mykje dei spottar;
- 29 men den som spottar den Heilage Ande, fær i all æva ikkje tilgjeving; han er saka i ei æveleg synd» -
- 30 det var for di dei sagde: «Han hev ei urein ånd i seg.»
- 31 So kom mor hans og brørne hans; dei vart standande utanfor, og sende bod til honom um han vilde koma ut.
- 32 Det sat ein stor flokk kringum honom, og dei sagde til honom: «Sjå, mor di og brørne dine stend utanfor og spør etter deg!»
- 33 Kven er mor mi og brørne mine? svara han.
- 34 So såg han rundt på deim som sat i ein ring kringum honom, og sagde: «Sjå det er mor mi og brørne mine!
- 35 Den som gjer det Gud vil, han er bror min og syster mi og mor mi.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗