마가복음 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마가복음 (Mark) · 41절
- 1 So tok han til å læra folket att ved sjøen; og det samla det seg ei uhorveleg mengd ikring honom, so han laut ganga ut i ein båt; den sat han i utpå vatnet, og heile folkehopen stod innpå land nedmed sjøen.
- 2 Då lærde han deim mangt og mykje i likningar, og med han soleis lærde deim, sagde han:
- 3 Høyr her! Det var ein såmann som gjekk ut og vilde så.
- 4 Då bar det seg so til med han sådde, at noko av kornet fall frammed vegen, og fuglarne kom og åt det upp.
- 5 Noko fall på steingrunn; der hadde det ikkje mykje jord, og det rann snøgt upp, av di der var so grunt;
- 6 men då soli steig, skein det av, for det hadde ikkje rot.
- 7 Noko fall millom klunger, og klungeren voks upp og kjøvde det, og det gav ikkje grøda.
- 8 Noko fall i god jord; det rann upp og voks og gav grøda og bar upp til tretti og seksti og hundrad foll.
- 9 Høyr etter, kvar som høyra kann! sagde han då.
- 10 Då han vart åleine, kom dei tolv og dei andre som var med honom, og spurde honom um likningarne.
- 11 Han svara: «De fær vita løyndomen i Gudsriket, men til dei andre, som er utanfor, kjem allting i likningar,
- 12 so dei skal sjå, men ikkje skilja, og høyra, men ikkje skyna; elles kunde dei venda um og få tilgjeving.
- 13 Men skynar de ’kje denne likningi, sagde han, korleis kann de då greida alle dei andre likningarne?
- 14 Såmannen, det er den som sår Guds ord.
- 15 Dei frammed vegen, det er dei som Guds ord vert sått i, men med same dei hev høyrt det, kjem Satan, og tek burt ordet som var sått i deim.
- 16 Sameleis dei som var sådde på steingrunn; det er dei som straks dei fær høyra Guds ord, tek imot det med gleda;
- 17 men dei hev ikkje rot i seg, og held ikkje ut langt bilet; kjem dei so i naud eller fåre for ordet skuld, leidest dei straks og fell ifrå.
- 18 Andre var sådde millom klunger; det er dei som hev høyrt Guds ord,
- 19 men suterne for det timelege og den svikfulle rikdomen og fysna etter alle andre ting, trengjer seg inn og kjøver ordet, so det vert grødelaust.
- 20 Men dei som var sådde i god jord, det er dei som høyrer Guds ord og tek imot det, og gjev grøda i tretti og seksti og hundrad foll.»
- 21 Sidan sagde han til deim: «Når dei kjem inn med eit ljos, set dei det då under skjeppa eller sengi? set dei det ’kje i staken?
- 22 For ingen ting er dult utan det vert openberra, og ingen ting vart løynt utan det laut fram i ljoset.
- 23 Høyr etter, kvar som høyra kann!»
- 24 So sagde han til deim: «Sjå dykk fyre kva de høyrer på! Det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk med, og endå skal de få noko attpå.
- 25 For den som hev, han skal få, men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.»
- 26 Sidan sagde han: «Med Guds rike er det so som når ein mann hev sått kornet i jordi:
- 27 Han søv og ris upp, natt etter natt og dag etter dag, og frøet renn upp og veks - han veit ikkje korleis det gjeng til;
- 28 av seg sjølv ber jordi si grøda, fyrst strå, so aks, so fulle korn i kvart aks.
- 29 Men so snart som åkeren er skjær, tek han fram sigden; for hausten er komen.»
- 30 So sagde han: «Kva skal me likna Guds rike i hop med? kva bilæte skal me teikna det med?
- 31 Det er liksom senapskornet; når det vert lagt i jordi, er det mindre enn alle frøkorn i verdi.
- 32 Men etter det er sått, renn det upp og vert større enn alle hagevokstrar og fær store greiner, so fuglarne i lufti kann byggja reir i skuggen av det.»
- 33 I mange sovore likningar tala han Guds ord til deim, etter som dei var god til å skyna det.
- 34 Forutan likningar tala han ikkje til folket; men når han var åleine med læresveinarne sine, lagde han det ut alt saman for deim.
- 35 Då det leid til kvelds same dagen, sagde han til deim: «Lat oss fara yver til hi sida!»
- 36 So skildest dei med folket og tok honom med i båten, som han var. Og andre båtar fylgde og med.
- 37 Då vart det so hardt eit ver, at bårorne slo inn i båten, og han var nær på å fyllast.
- 38 Men Jesus låg og sov på høgjendet i bakskuten. Dei vekte honom og sagde: «Meister, er du like sæl um me gjeng under?»
- 39 So stod han upp og truga vinden og sagde til sjøen: «Teg, og ver still!» Då logna vinden, og det vart blikende stilt.
- 40 Og han sagde til deim: «Kvi er de rædde? Hev de endå ingi tru?»
- 41 Men dei var fulle av otte og sagde seg imillom: «Kva er då dette for ein, som både vinden og sjøen lyder?»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗