마가복음 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마가복음 (Mark) · 28절
- 1 Då det leid um nokre dagar, kom han til Kapernaum att, og det spurdest at han var heime.
- 2 Då samla der seg so mykje folk at det ikkje var rom åt fleire, ikkje ein gong framfor døri, og han tala Guds ord til deim.
- 3 Best det var, kom fire mann berande med ein som var lam,
- 4 og då dei ikkje kunde koma fram til Jesus for folkestimen, tok dei burt taksteinarne der som han var og braut hol i taket og fira ned sengi som den lame låg i.
- 5 Og då Jesus såg trui deira, sagde han til den lame: «Son, synderne dine er tilgjevne!»
- 6 No var det nokre skriftlærde som sat der; dei tenkte med seg:
- 7 «Kvi talar den mannen so? Han spottar Gud! Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?»
- 8 Jesus kjende straks i hugen sin at dei tenkte so, og han sagde: «Kvi hyser de slike tankar i hjarta?
- 9 Kva er lettast å segja til den lame: «Synderne dine er tilgjevne!» eller å segja: «Statt upp, tak sengi di og gakk?»
- 10 Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi, so segjer eg deg» - sagde han til den lame -:
- 11 «Statt upp, tak sengi di og gakk heim att!»
- 12 Då stod han upp, tok sengi si i same stund og gjekk ut for alle manns augo, so dei alle vart mest frå seg av undring, og lova Gud og sagde: «Slikt hev me aldri set fyrr!»
- 13 So gjekk han ut til sjøen att. Då kom alt folket til honom, og han lærde deim.
- 14 Som han no gjekk frammed der, fekk han sjå Levi Alfæusson - han sat på tollbudi - og Jesus sagde til honom: «Fylg meg!» Då reiste han seg og fylgde honom.
- 15 So hende det at Jesus var til bords i huset hans, og mange tollmenner og syndarar sat saman med honom og læresveinarne hans; for dei var mange, og dei fylgde honom.
- 16 Og då dei skriftlærde millom farisæarane såg at han åt i lag med syndarar og tollmenner, sagde dei til læresveinarne hans: «Et han i lag med tollmenner og syndarar?»
- 17 Jesus høyrde det og sagde til deim: «Det er ’kje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»
- 18 Både læresveinarne åt Johannes og læresveinarne åt farisæarane heldt fasta. Og folk kom og spurde Jesus: «Korleis hev det seg at læresveinarne åt Johannes og åt farisæarane fastar, men dine læresveinar fastar ikkje?»
- 19 «Kann brudlaupsfolket fasta med brudgomen er hjå deim?» svara Jesus; «so lenge dei hev brudgomen hjå seg, kann dei då ikkje fasta.
- 20 Men skal kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; då, når den dagen kjem, skal dei fasta.
- 21 Ingen saumar ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; elles riv boti burt noko av plagget - det nye tyet av det gamle - og rifti vert større.
- 22 Og ingen hev ny vin på gamle lerflaskor; elles sprengjer vinen flaskorne og vinen øydest, og flaskorne med: Nei - ny vin på nye lerflaskor!»
- 23 Ein gong bar det so til at han gjekk yver åkrarne på kviledagen, og læresveinarne tok til å riva av aks, med dei gjekk etter vegen.
- 24 Då sagde farisæarane med honom: «Sjå kva dei gjer på kviledagen! det som ingen hev lov til!»
- 25 Han svara: «Hev de aldri lese kva David gjorde då han leid naud og svalt, han og dei som var med honom?
- 26 korleis han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrødi - dei som ingen utan prestarne hev lov til å eta - og gav fylgjet sitt med seg?»
- 27 So sagde han til deim: «Kviledagen vart til for menneskja skuld, og ikkje menneskja for kviledagen skuld.
- 28 Difor råder Menneskjesonen yver kviledagen og.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗