로마서 9장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 로마서 (Romans) · 33절
- 1 Eg segjer sanning i Kristus, eg lyg ikkje, samvitet mitt vitnar med meg i den Heilage Ande,
- 2 at eg hev ei stor sorg og en stendig verk i hjarta mitt.
- 3 For eg skulde ynskja at eg sjølv var bannstøytt burt frå Kristus for brørne mine, samættingarne mine etter kjøtet,
- 4 dei som er israelitar, som hev barnekåret og herlegdomen og pakterne og lovgjevingi og gudstenesta og lovnaderne,
- 5 dei som federne høyrer til og som Kristus er ætta frå etter kjøtet, han som er Gud yver alle ting, velsigna i all æva. Amen.
- 6 Men det er ikkje so at Guds ord hev vorte til inkjes; for ikkje alle dei som er ætta frå Israel, er Israel;
- 7 og ikkje heller er alle Abrahams born for di um dei er hans ætt; men: «Etter Isak som skal ætta di heita,»
- 8 det vil segja: ikkje borni etter kjøtet er Guds born, men borni etter lovnaden vert rekna til ætti.
- 9 For dette er eit lovnadsord: «Ved dette bilet kjem eg att, og då skal Sara hava ein son.»
- 10 Og ikkje berre det, men so var det og med Rebekka, ho som var med born ved ein, det er Isak, far vår.
- 11 For då dei endå var ufødde, og ikkje endå hadde gjort korkje godt eller vondt - for at Guds rådgjerd etter hans utveljing skulde standa ved lag, ikkje ved gjerningar, men ved honom som kallar -
- 12 då vart det sagt til henne: «Den eldste skal tena den yngste,»
- 13 som skrive stend: «Jakob elska eg, men Esau hata eg.»
- 14 Kva skal me då segja? Skulde det finnast urettferd hjå Gud? Langt ifrå!
- 15 For han segjer til Moses: «Eg vil miskunna den som eg miskunnar, og ynka den som eg ynkar.»
- 16 So stend det då ikkje til den som vil, og ikkje heller til den som renner, men til Gud som gjer miskunn.
- 17 For Skrifti segjer til Farao: «Just til dette reiste eg deg upp, at eg kunde syna magti mi på deg, og at namnet mitt kunde verta kunngjort yver all jordi.»
- 18 So miskunnar han då kven han vil, og gjer kven han vil hard.
- 19 So vil du vel segja til meg: «Kva hev han so endå å klaga for? For kven stend vel imot viljen hans?»
- 20 Men kven er då du, menneskje, som trættar imot Gud? Skal då verket segja til verkaren: «Kvi gjorde du meg so?»
- 21 Eller hev ikkje krusmakaren vald yver leiret, so han av same deigi kann gjera det eine kjerald til æra og det andre til vanæra?
- 22 Men um no Gud, endå han vilde syna vreiden sin og kunngjera si magt, like vel med stort langmod tolde dei vreide-kjerald som var laga til undergang,
- 23 so han og kunde gjera sin herlegdoms rikdom yver miskunnskjeraldi som han fyreåt hadde laga til herlegdom?
- 24 Og til slike kalla han oss og, ikkje berre av jødar, men og av heidningar,
- 25 som han og segjer hjå Hosea: «Det som ei er mitt folk, vil eg kalla mitt folk, og kalla henne elska som ei var elska;
- 26 og det skal ganga so, at på den staden det vart sagt til deim: «De er ikkje mitt folk,» der skal dei kallast den livande Guds born.»
- 27 Og som Jesaja ropar ut yver Israel: «Um talet på Israels born er som havsens sand, so skal då berre leivningen frelsast.
- 28 For ordet sitt skal Herren setja i verk og snøgt fullføra på jordi.»
- 29 Og som Jesaja fyrr hev sagt: «Hadde ikkje Herren Sebaot leivt oss eit sæde, so hadde me vorte som Sodoma og vorte like Gomorra.»
- 30 Kva skal me då segja? At heidningarne som ikkje søkte rettferd, dei vann rettferd, men det var rettferdi av tru.
- 31 Men Israel, som søkte rettferdslov, dei vann ikkje fram til denne lovi.
- 32 Kvifor so? For di dei ikkje søkte henne med tru, men med gjerningar, for dei støytte seg på støytesteinen,
- 33 som skrive stend: «Sjå, eg legg i Sion ein stein til støyt og eit berg til stygg; den som trur på honom, skal ikkje verta til skammar.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗