로마서 8장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 로마서 (Romans) · 39절
- 1 So er det då ingi fordøming for deim som er i Kristus Jesus.
- 2 For i Kristus Jesus hev livsens ånds-lov gjort meg fri frå synde- og daude-lovi.
- 3 For det som var umogelegt for lovi, av di ho var magtlaus ved kjøtet, det gjorde Gud, då han sende sin eigen son i syndigt kjøts likning og for syndi skuld og fordømde syndi i kjøtet.
- 4 So skulde lovkravet verta fullnøgt i oss som ikkje ferdast etter kjøtet, men etter Anden.
- 5 For dei som er etter kjøtet, trår etter det som høyrer kjøtet til, men dei som er etter Anden, trår etter det som høyrer Anden til.
- 6 For kjøtsens trå er daude, men Andens trå er liv og fred,
- 7 etter di kjøtsens trå er fiendskap mot Gud - for det er ikkje Guds lov lydugt, ja, kann ikkje vera det heller -
- 8 og dei som er i kjøtet, kann ikkje tekkjast Gud.
- 9 Men de er ikkje i kjøtet, men i Anden, so framt Guds Ande bur i dykk; men hev ein ikkje hev Kristi Ande, so høyrer han ikkje honom til.
- 10 Men er Kristus i dykk, so er vel likamen daud for synd skuld, men åndi er liv for rettferd skuld.
- 11 Men dersom Anden hans som vekte Jesus upp frå dei daude, bur i dykk, so skal han som vekte Kristus upp frå dei daude, ogso gjera dykkar døyelege likamar livande for sin Ande skuld, som bur i dykk.
- 12 So stend me då, brør, ikkje i skuld til kjøtet, so me skulde liva etter kjøtet.
- 13 For liver de etter kjøtet, skal de døy; men døyder de likamens gjerningar ved Anden, då skal de liva.
- 14 For so mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born.
- 15 For de fekk ikkje ein trældoms-ande, so de atter skulde ræddast, men de fekk ei barnekårs-ande, som gjer at me ropar: «Abba, Fader!»
- 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at me er Guds born.
- 17 Men er me born, so er me ervingar og, det er Guds ervingar, og Kristi medervingar, so framt me lid med honom, for at me skal verta herleggjorde med honom.
- 18 For eg held so fyre, at lidingarne i den nærverande tidi er ikkje vyrdande mot den herlegdomen som skal openberrast på oss.
- 19 For skapningen lengtar og stundar etter Guds borns openberring;
- 20 for skapningen vart lagd under vesaldomen - ikkje godviljugt, men etter hans vilje som lagde honom derunder -
- 21 i von um at skapningen og skal verta frigjord frå trældomen under forgjengelegdom til fridomen i Guds borns herlegdom.
- 22 For me veit at all skapningen sukkar saman og lid sår verk saman alt til no;
- 23 ja, ikkje berre det, men me og, som hev Anden til fyrstegrøda, jamvel me sukkar med oss sjølve, med di me stundar etter barnekåret, vår likams utløysing.
- 24 For i voni er me frelste; men ei von som ein ser, er ingi von; kvifor skulde ein vona det ein ser?
- 25 Men vonar me det me ikkje ser, so stundar me etter det med tolmod.
- 26 Men like eins kjem Anden og vår vanmagt til hjelp; for me veit ikkje kva me skal beda um, so som me treng det, men Anden sjølv gjeng i bøn for oss med usegjelege sukkar,
- 27 og han som ransakar hjarto, veit kva Anden trår etter; for etter Guds vilje gjeng han i bøn for dei heilage.
- 28 Og me veit at alle ting tener deim til gode som elskar Gud, dei som er kalla etter hans rådgjerd.
- 29 For dei som han kjende fyreåt, dei hev han og kåra fyreåt til å likjast bilætet av Son hans, so han skulde vera den fyrstefødde millom mange brør;
- 30 og dei som han kåra fyreåt, deim hev han og kalla, og dei som han kalla, deim hev han og rettferdiggjort, og dei som han rettferdiggjorde, deim hev han og herleggjort.
- 31 Kva skal me då segja um dette? Er Gud med oss, kven er då imot oss?
- 32 Han som ikkje sparde sin eigen son, men gav honom for oss alle, kor skulde han ikkje og gjeva oss alle ting med honom?
- 33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som rettferdiggjer.
- 34 Kven er den som fordømer? Kristus er den som hev døytt, ja, endå meir, som er uppvekt, som og er ved Guds høgre hand, som og gjeng i bøn for oss.
- 35 Kven skal skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsla eller hugverk eller forfylgjing eller hunger eller klædeløysa eller fåre eller sverd?
- 36 som skrive stend: «For di skuld vert me drepne all dagen; me er rekna som slagtesauer.»
- 37 Men i alt dette vinn me meir enn siger ved honom som elska oss.
- 38 For eg er viss på at korkje daude eller liv, korkje englar eller herrar, korkje det som no er eller det som koma skal eller nokor magt,
- 39 korkje høgd eller dypt eller noko annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗