로그인

로마서 8장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 로마서 (Romans) · 39절 · 대역: King James Version

절Studentmållagsbibelen frå 1921King James Version
1 So er det då ingi fordøming for deim som er i Kristus Jesus. There is therefore now no condemnation to them which are in Christ Jesus, who walk not after the flesh, but after the Spirit.
2 For i Kristus Jesus hev livsens ånds-lov gjort meg fri frå synde- og daude-lovi. For the law of the Spirit of life in Christ Jesus hath made me free from the law of sin and death.
3 For det som var umogelegt for lovi, av di ho var magtlaus ved kjøtet, det gjorde Gud, då han sende sin eigen son i syndigt kjøts likning og for syndi skuld og fordømde syndi i kjøtet. For what the law could not do, in that it was weak through the flesh, God sending his own Son in the likeness of sinful flesh, and for sin, condemned sin in the flesh:
4 So skulde lovkravet verta fullnøgt i oss som ikkje ferdast etter kjøtet, men etter Anden. That the righteousness of the law might be fulfilled in us, who walk not after the flesh, but after the Spirit.
5 For dei som er etter kjøtet, trår etter det som høyrer kjøtet til, men dei som er etter Anden, trår etter det som høyrer Anden til. For they that are after the flesh do mind the things of the flesh; but they that are after the Spirit the things of the Spirit.
6 For kjøtsens trå er daude, men Andens trå er liv og fred, For to be carnally minded is death; but to be spiritually minded is life and peace.
7 etter di kjøtsens trå er fiendskap mot Gud - for det er ikkje Guds lov lydugt, ja, kann ikkje vera det heller - Because the carnal mind is enmity against God: for it is not subject to the law of God, neither indeed can be.
8 og dei som er i kjøtet, kann ikkje tekkjast Gud. So then they that are in the flesh cannot please God.
9 Men de er ikkje i kjøtet, men i Anden, so framt Guds Ande bur i dykk; men hev ein ikkje hev Kristi Ande, so høyrer han ikkje honom til. But ye are not in the flesh, but in the Spirit, if so be that the Spirit of God dwell in you. Now if any man have not the Spirit of Christ, he is none of his.
10 Men er Kristus i dykk, so er vel likamen daud for synd skuld, men åndi er liv for rettferd skuld. And if Christ be in you, the body is dead because of sin; but the Spirit is life because of righteousness.
11 Men dersom Anden hans som vekte Jesus upp frå dei daude, bur i dykk, so skal han som vekte Kristus upp frå dei daude, ogso gjera dykkar døyelege likamar livande for sin Ande skuld, som bur i dykk. But if the Spirit of him that raised up Jesus from the dead dwell in you, he that raised up Christ from the dead shall also quicken your mortal bodies by his Spirit that dwelleth in you.
12 So stend me då, brør, ikkje i skuld til kjøtet, so me skulde liva etter kjøtet. Therefore, brethren, we are debtors, not to the flesh, to live after the flesh.
13 For liver de etter kjøtet, skal de døy; men døyder de likamens gjerningar ved Anden, då skal de liva. For if ye live after the flesh, ye shall die: but if ye through the Spirit do mortify the deeds of the body, ye shall live.
14 For so mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. For as many as are led by the Spirit of God, they are the sons of God.
15 For de fekk ikkje ein trældoms-ande, so de atter skulde ræddast, men de fekk ei barnekårs-ande, som gjer at me ropar: «Abba, Fader!» For ye have not received the spirit of bondage again to fear; but ye have received the Spirit of adoption, whereby we cry, Abba, Father.
16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at me er Guds born. The Spirit itself beareth witness with our spirit, that we are the children of God:
17 Men er me born, so er me ervingar og, det er Guds ervingar, og Kristi medervingar, so framt me lid med honom, for at me skal verta herleggjorde med honom. And if children, then heirs; heirs of God, and joint-heirs with Christ; if so be that we suffer with him, that we may be also glorified together.
18 For eg held so fyre, at lidingarne i den nærverande tidi er ikkje vyrdande mot den herlegdomen som skal openberrast på oss. For I reckon that the sufferings of this present time are not worthy to be compared with the glory which shall be revealed in us.
19 For skapningen lengtar og stundar etter Guds borns openberring; For the earnest expectation of the creature waiteth for the manifestation of the sons of God.
20 for skapningen vart lagd under vesaldomen - ikkje godviljugt, men etter hans vilje som lagde honom derunder - For the creature was made subject to vanity, not willingly, but by reason of him who hath subjected the same in hope,
21 i von um at skapningen og skal verta frigjord frå trældomen under forgjengelegdom til fridomen i Guds borns herlegdom. Because the creature itself also shall be delivered from the bondage of corruption into the glorious liberty of the children of God.
22 For me veit at all skapningen sukkar saman og lid sår verk saman alt til no; For we know that the whole creation groaneth and travaileth in pain together until now.
23 ja, ikkje berre det, men me og, som hev Anden til fyrstegrøda, jamvel me sukkar med oss sjølve, med di me stundar etter barnekåret, vår likams utløysing. And not only they, but ourselves also, which have the firstfruits of the Spirit, even we ourselves groan within ourselves, waiting for the adoption, to wit, the redemption of our body.
24 For i voni er me frelste; men ei von som ein ser, er ingi von; kvifor skulde ein vona det ein ser? For we are saved by hope: but hope that is seen is not hope: for what a man seeth, why doth he yet hope for?
25 Men vonar me det me ikkje ser, so stundar me etter det med tolmod. But if we hope for that we see not, then do we with patience wait for it.
26 Men like eins kjem Anden og vår vanmagt til hjelp; for me veit ikkje kva me skal beda um, so som me treng det, men Anden sjølv gjeng i bøn for oss med usegjelege sukkar, Likewise the Spirit also helpeth our infirmities: for we know not what we should pray for as we ought: but the Spirit itself maketh intercession for us with groanings which cannot be uttered.
27 og han som ransakar hjarto, veit kva Anden trår etter; for etter Guds vilje gjeng han i bøn for dei heilage. And he that searcheth the hearts knoweth what is the mind of the Spirit, because he maketh intercession for the saints according to the will of God.
28 Og me veit at alle ting tener deim til gode som elskar Gud, dei som er kalla etter hans rådgjerd. And we know that all things work together for good to them that love God, to them who are the called according to his purpose.
29 For dei som han kjende fyreåt, dei hev han og kåra fyreåt til å likjast bilætet av Son hans, so han skulde vera den fyrstefødde millom mange brør; For whom he did foreknow, he also did predestinate to be conformed to the image of his Son, that he might be the firstborn among many brethren.
30 og dei som han kåra fyreåt, deim hev han og kalla, og dei som han kalla, deim hev han og rettferdiggjort, og dei som han rettferdiggjorde, deim hev han og herleggjort. Moreover whom he did predestinate, them he also called: and whom he called, them he also justified: and whom he justified, them he also glorified.
31 Kva skal me då segja um dette? Er Gud med oss, kven er då imot oss? What shall we then say to these things? If God be for us, who can be against us?
32 Han som ikkje sparde sin eigen son, men gav honom for oss alle, kor skulde han ikkje og gjeva oss alle ting med honom? He that spared not his own Son, but delivered him up for us all, how shall he not with him also freely give us all things?
33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som rettferdiggjer. Who shall lay any thing to the charge of God’s elect? It is God that justifieth.
34 Kven er den som fordømer? Kristus er den som hev døytt, ja, endå meir, som er uppvekt, som og er ved Guds høgre hand, som og gjeng i bøn for oss. Who is he that condemneth? It is Christ that died, yea rather, that is risen again, who is even at the right hand of God, who also maketh intercession for us.
35 Kven skal skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsla eller hugverk eller forfylgjing eller hunger eller klædeløysa eller fåre eller sverd? Who shall separate us from the love of Christ? shall tribulation, or distress, or persecution, or famine, or nakedness, or peril, or sword?
36 som skrive stend: «For di skuld vert me drepne all dagen; me er rekna som slagtesauer.» As it is written, For thy sake we are killed all the day long; we are accounted as sheep for the slaughter.
37 Men i alt dette vinn me meir enn siger ved honom som elska oss. Nay, in all these things we are more than conquerors through him that loved us.
38 For eg er viss på at korkje daude eller liv, korkje englar eller herrar, korkje det som no er eller det som koma skal eller nokor magt, For I am persuaded, that neither death, nor life, nor angels, nor principalities, nor powers, nor things present, nor things to come,
39 korkje høgd eller dypt eller noko annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre. Nor height, nor depth, nor any other creature, shall be able to separate us from the love of God, which is in Christ Jesus our Lord.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL