로마서 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 로마서 (Romans) · 27절
- 1 Eg legg eit godt ord inn for Føbe, syster vår, som er tenar for kyrkjelyden i Kenkreæ,
- 2 at de tek imot henne i Herren, som det sømer dei heilage, og hjelper henne med alt som ho treng av dykk; for ho hev vore til hjelp for mange, ja for meg sjølv og.
- 3 Helsa Priska og Akvilas, mine medarbeidarar i Kristus Jesus -
- 4 dei hev våga sitt eige liv for meg, og ikkje berre eg takkar deim, men og alle kyrkjelydar av heidningarne -
- 5 og helsa kyrkjelyden i deira hus. Helsa Epænetus, min kjære, som er fyrstegrøda av Asia for Kristus.
- 6 Helsa Maria, som hev arbeidt mykje for dykk.
- 7 Helsa Andronikus og Junias, mine skyldfolk og medfangar, dei er namngjetne millom apostlarne, og dei kom og til Kristus fyre meg.
- 8 Helsa Amplias, min kjære bror i Herren.
- 9 Helsa Urbanus, vår medarbeidar i Kristus, og min kjære Stakys.
- 10 Helsa Apelles, den velrøynde i Kristus. Helsa deim som høyrer til Aristobulus’ hus.
- 11 Helsa Herodion, skyldingen min. Helsa deim frå Narkissus’ hus, som er i Herren.
- 12 Helsa Tryfæna og Tryfosa, som hev arbeidt i Herren. Helsa Persis, den kjære, ho hev arbeidt mykje i Herren.
- 13 Helsa Rufus, den utvalde i Herren, og hans og mi mor.
- 14 Helsa Asynkritus, Flegon, Hermes, Patrobas, Hermas og brørne hjå deim.
- 15 Helsa Filologus og Julia, Nereus og syster hans og Olympas og alle dei heilage som er hjå deim.
- 16 Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle Kristi kyrkjelydar helsar dykk.
- 17 Men eg legg dykk på hjarta, brør, at de hev augo med deim som veld usemja og støytarne mot den læra som de hev lært, og haldt dykk ifrå deim.
- 18 For slike folk tener ikkje vår Herre Jesus Kristus, men sin eigen buk, og med sine fagre ord og sin smeikjande tale dårar dei hjarto på dei godtrugne.
- 19 For ordet um dykkar lydnad er kome utyver til alle; difor gled eg meg yver dykk, men eg ynskjer at de skal vera vise til det gode og reine for det vonde.
- 20 Men fredsens Gud skal brått krasa Satan under føterne dykkar! Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!
- 21 Timoteus, min medarbeidar, og Lukius og Jason og Sosipater, skyldingarne mine, helsar dykk.
- 22 Eg, Tertius, som skriv brevet, helsar dykk i Herren.
- 23 Gaius helsar dykk, han som er vert for meg og heile kyrkjelyden. Erastus, rekneskapsføraren i byen, helsar dykk, og broderen Kvartus.
- 24 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.
- 25 Men han som er megtig til å styrkja dykk etter mitt evangelium og Jesu Kristi forkynning, etter openberringi av den løyndomen som hev vore duld i ævelege tider,
- 26 men no er komen til synes, og i profetiske skrifter etter den ævelege Guds fyresegn kunngjord for alle folk til å verka lydnad i tru,
- 27 han, den eine vise Gud ved Jesus Kristus, skal hava æra i all æva! Amen.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗