고린도전서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도전서 (1 Corinthians) · 31절
- 1 Paulus, ved Guds vilje kalla til Kristi Jesu apostel, og broderen Sostenes
- 2 til Guds kyrkjelyd som er i Korint, deim som er helga i Kristus Jesus, som er kalla, heilage, med alle deim som på kvar stad påkallar vår Herre Jesu Kristi namn, både deira og vår.
- 3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!
- 4 Eg takkar alltid min Gud for dykk, for den Guds nåde som er dykk gjeven i Kristus Jesus,
- 5 at de i honom er gjorde rike i alt, på all læra og i all kunnskap,
- 6 liksom Kristi vitnemål er stadfest hjå dykk,
- 7 so at det ikkje vantar dykk på nokor nådegåva, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi openberring,
- 8 han som og skal stadfesta dykk til enden, so de må vera ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag.
- 9 Gud er trufast, han som de vart kalla ved til samfund med hans Son Jesus Kristus, vår Herre.
- 10 Men eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de alle må vera samtykte i dykkar tale, og at de ikkje må vera usamtykkje millom dykk, men at de må vera fullt sameina i same hugen og i same tanken.
- 11 For av huslyden hennar Kloe er det fortalt meg um dykk, mine brør, at det er kivsmål millom dykk.
- 12 Det er dette eg meiner, at kvar av dykk segjer: «Eg held meg til Paulus,» «eg til Apollos,» «eg til Kefas,» «eg til Kristus.»
- 13 Er Kristus sundskift? Er Paulus krossfest for dykk? Eller er det døypte til Paulus’ namn?
- 14 Eg takkar Gud, at eg ikkje hev døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius,
- 15 so ikkje nokon skal segja, at de vart døypte til mitt namn.
- 16 Men det er sant, eg døypte og Stefanas’ hus. Elles veit eg ikkje, at eg hev døypt nokon annan.
- 17 For Kristus sende meg ikkje ut til å døypa, men til å forkynna evangeliet, ikkje med vise ord, so Kristi kross ikkje skulde missa si kraft.
- 18 For ordet um krossen er vel dårskap for deim som vert fortapte, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.
- 19 For det stend skrive: «Eg vil tyna visdomen hjå dei vise og spilla vitet hjå dei vituge.»
- 20 Kvar er ein vismann? Kvar er ein skriftlærd? Kvar er ein granskar av denne verdi? Hev ikkje Gud gjort visdomen i verdi til dårskap?
- 21 For då verdi ved sin visdom ikkje kjende Gud i Guds visdom, so fann Gud for godt ved forkynnings dårskap å frelsa deim som trur,
- 22 etter som både jødar krev teikn, og grækarar søkjer visdom,
- 23 men me forkynner Kristus krossfest, som er ei avstyggjing for jødar og ein dårskap for grækarar,
- 24 men for deim som er kalla, både jødar og grækarar, forkynner me Kristus, Guds kraft og Guds visdom.
- 25 For Guds dårskap er visare enn menneski, og Guds vanmagt er sterkare enn menneski.
- 26 Sjå då på dykkar kall, brør! at ikkje mange vise etter kjøtet vart kalla, ikkje mange megtige, ikkje mange høgætta;
- 27 men det som er dårlegt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera dei vise til skammar, og det som er veikt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera det sterke til skammar.
- 28 Og det som er lågt i verdi og vanvyrdt, det hev Gud valt seg ut, og det som er ingen ting, so han kunde gjera det til inkjes som er noko,
- 29 so ikkje noko kjøt skal rosa seg for Gud.
- 30 Men av honom er de i Kristus Jesus, som for oss hev vorte visdom frå Gud og rettferd og helging og utløysing,
- 31 so at, som det stend skrive, den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗